Magisk i Jølstramuseet

Få stader representerer meir magisk stemning, enn i ei sommarnatt i Hauane på Vassenden. I helga opna årets utstilling, som igjen er ei sterk nasjonal rekke av kunstnarar med verk for sal. Ørnulf Opdahl, Charlotte Engelhart, Ludvig Eikaas, Gino Scarpa og mange mange fleire, heng fint i galleriet i den gamle låven. Og ikkje minst har Eivind og Anne Marie Fossheim fått fram Johannes Fossheim i ei større utstilling enn nokon gong før vist på dette museet. Johannes Fossheim var treskjeraren frå Jølster, som imponerte kong Håkon på landsutstillingen i Bergen i 1926 med figuren. ”Fanitullen”. Denne flotte sumarnatta fekk vi og ei musikalsk oppleving, først med søstrene Hovland Knudsen, og deretter eit virtuost gitarspel frå ei godt etablert gruppe frå Måløy, som har vore i Jølstramuseet fleire år tidlegare. Ei sommarnatt i Jølster blir endå meir magisk når vi frå desse tre får høyre ”Mediterrian Sundance” frå ”Friday Night in San Francisco” med Al Di Medola, Paco De Lucia og John Mc Laughlin. Ein svært god versjon blir framført, og eg må berre innrømme: Eg hadde ikkje trudd at eg skulle få høyre slikt gitarspel i Sogn og Fjordane i det heile. Neste magiske natt i Hauane blir den årlege konserten under folkemusikkfestivalen torsdag kveld.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *