Kommentarer til: Dei same dugnadsfjesa http://blogg.nrk.no/hamar/2008/05/07/dei-same-dugnadsfjesa/ En blogg fra NRK Thu, 12 Feb 2009 23:35:25 +0000 hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Av: sosialliberalisme med måte http://blogg.nrk.no/hamar/2008/05/07/dei-same-dugnadsfjesa/#comment-6 Wed, 14 May 2008 19:41:58 +0000 http://blogg.nrk.no/hamar/2008/05/07/dei-same-dugnadsfjesa/#comment-6 Eg hadde faktisk venta at mitt rimeleg konstruktive, rimeleg nøytrale og rimelege utan brodd innlegg kunne verta oppfatta som eit offensivt partsinnlegg. Artig å konstatere at eg var heilt vekke på takhøgde igjen.

Innlegget handla nemleg på ingen måte om vrange ynskjer. Eg likar dugnad meir enn truleg dei fleste, problemet er at stadig færre andre utøver det. Eg har dessutan tassar aktive i fotballen, utfrå si lyst. Mitt innlegg handlar såleis ikkje om å sjå vekk frå noko som helst, det er det tvertom altfor mange som gjer. Mitt innlegg handlar faktisk om erkjenning, ein underutøvd aktivitet i våre strok av den «vestlege» verda.

Dette har faktum med endra livsvaner å gjere, ma. inntreing av curling-generasjonen i vaksne årsklasser. I same slengjen og startfasen på aukande drastisk forskyvd alderstyngdepunkt i befolkninga (1 år auka snittalder pr. 5 år i nasjonen, og borti 1 år pr. 1 år i stagnasjons- og fråflyttingskommunar, som i vårt fylke), altså fenomenet demografi, altså faktum, altså «stikke fingeren i jorda».

Eg snakkar såleis slettes ikkje om «alle behov i samfunnet», men at din definisjon av «kjerneoppgåver» i erkjenning nok må utvidast, skal små lokalsamfunn ikkje måtte registre dei «samme fjesa» i enno fleire, altså dei fleste samanhengar. Og når kommunane stadvis faktisk langt på veg driv idrettslaga allereie pga. gradvis tilvenjing, kvifor skulle ikkje det sosialt forebyggjande ansvaret også omfatte alle grupper? Kvifor skal det segregerast?

Til det med arroganse: Det er plenty av sosioligisk empri som kan verifisere norsk gjennomsnittleg oppvekstoppleving, og konskvensval av dette, litteraturen er ma. å finne på nett. Det er såleis ikkje hjelp i at utkantane vedtek seg sjølv å vera «multisyslande» (jf. f.eks. SFFK si årsmelding) dersom det berre vert ei kunngjering og ikkje ein realitet, men at ein tvertom dyrkar einsidigheita, altså segregering. Noko som igjen betyr at programerklæringane vert «preik» (jf. det stigmatiserte uttykket «trivselsfylket»). Tomme ord fell nemleg gjennom.

Innlegget mitt handlar faktisk om at vi tilrettelegg for aldersgruppa der interessene mellom «kneipen» og helst pappaen er på felles arenaer. Når ungane i tenåra mister denne arenaintereressa skjønar vi ikkje kva som faktisk skjer (ungane veks opp), klarer ikke feste grepet igjen, og melder pass og seier som alle etteledd føre oss «Nei, ungdomen av av dag……».

Til mi utfordring til segregeringa og arrogansen kunne det vore interessant om du reflekterte over omgrepa utvida kulturomgrep, det opphavelege kulturomgrep, og nye krevjande kulturformer. F.eks. med utgangspunkt i ytterfenomenet Blitz, spesielt dets konstruktive deler og vidare innover mot organisatorisk «sentrum» og ungdomskultur der. Problemet med utmarksområder som vårt fylke er at det dessverre er såpass kulturelt umodent (jf. «bunadsdebatten» i fjor) at det berre har organiserte tilbod av inverse type til dei eg nemner. Det er mange sitt hjertebarn ja, men ikkje mange nok. Faktisk heldigvis, fordi då ville vi vore enno mindre «multisyslande» enn vi hevdar vi er og derav enno mindre kreative på den utfordrande framtidsarena.

Kan du ikkje reflektere over dette, men sjølvrettferdig berre klage over at det finst andre interesser enn dine prioriteringar burde du ikkje kaste bort tida med å blogge, då burde du vore ute å rydda attgroinga slik at det er klart til neste sesongar.

]]>
Av: Atle Hamar http://blogg.nrk.no/hamar/2008/05/07/dei-same-dugnadsfjesa/#comment-5 Tue, 13 May 2008 20:40:36 +0000 http://blogg.nrk.no/hamar/2008/05/07/dei-same-dugnadsfjesa/#comment-5 Rita Tonning har eit poeng i å inkludere nye innbyggjarar. Vassenden-området der vi begge bur, har mange nye fjes og det er positivt. Mitt inntrykk er at mange blir invitert inn i ulike lags- og foreiningsmiljø, og eg veit positivt at mange som vel å byggje eller å kjøpe hus her, legg vekt på trivsel, aktivitet og det breie engasjementet i lokalmiljøet. Jølster Skisenter veit eg skal ha eit vist tal personar kvar sesong til dei ulike vaktene, og slik sett er det eit positivt teikn at fleire melder seg enn det er trong for.

Til Sosiallliberalisme med måte: nei eg ser ikkje kapitalistisk på dette. Frivilleg engasjement og dugnad er ein viktig del av det sivilsamfunnet sosial-liberalismen står for. Det offentlege kan aldri ta over drifta av alle behov i samfunnet. Det offentlege må konsentrerere seg om kjerneoppgåver som helse-omsorg, skule, og infrastruktur. Du ser også vekk i frå det faktum at det frivillege har ein verdi i seg sjølv, at menneske veks på slik aktivitet, og at denne sektoren står for ei verdiskaping på minst 40 milliardar kroner i det norske samfunnet. Eg har seinast i pinsa snakka med fleire studentar som har vore heime frå Oslo og Bergen. Mange vil tilbake, ha ein jobb, busetje seg i Sunnfjord. Kvifor? Jau dei vart ikkje behandla arrogant i sine yngre år. Dei hadde ein oppvekst der vaksenpersonar og foreldre brydde seg, mange med positive minne frå den frivillege sektoren du ynskjer «inn i solnedgangen».

]]>
Av: sosialliberalisme med måte http://blogg.nrk.no/hamar/2008/05/07/dei-same-dugnadsfjesa/#comment-4 Fri, 09 May 2008 20:30:43 +0000 http://blogg.nrk.no/hamar/2008/05/07/dei-same-dugnadsfjesa/#comment-4 Ser du kapitalistisk på det og det gjer du jo då vitterleg, er konklusjonen din heilt rett; høgare avgifter.

Men ser ein sosialdemokratisk på det er det skatteinntaket som skal finansiere problemet ditt + aktivitetstilbod innanfor det eigentlege kulturomgrep + konstruktive kvalitetstilbod til den uorganiserte ungdomen.

Truleg er det profesjonalisering m/kommunedrift på det siste området som basis for knoppskyting til både utvida og tradisjonelt kulturomgrep som er svaret.

Få sms’ande, chattande, hengande, rånande, flaskeknusande, fulle og verre ungdom inn i eit konstruktivt profesjonelt entreprenørskapande miljø. Med fast base i kvalitative lokaler kan slik organisert form danne fundament for ei kulturbygging m/knoppskyting til både tradisjonelt kulturomgrep og utvida, som gjer at dei ute av ungdom og inne i ung vaksen alder seier: «Ja der heime var det godt å vekse opp, der vart vi ikkje behandla arrogant av vaksensamfunnet. Der kunne vi tenkt oss å vende tilbake og slå oss ned.»

Motto: Idretthallane og fleirbrukshallane konfiskerast til allaktivitets mulitihus, før det er for seint, før forgubbinga gjer sitt til at desse husa står utan brukarar.

Sjå det i augo, «de frivillige organisasjonan» rir inn i solnedgangen!

]]>
Av: Rita Tonning http://blogg.nrk.no/hamar/2008/05/07/dei-same-dugnadsfjesa/#comment-3 Fri, 09 May 2008 19:20:01 +0000 http://blogg.nrk.no/hamar/2008/05/07/dei-same-dugnadsfjesa/#comment-3 Denne problemstillinga går nok i gjen i alle organisasjonar som baserer seg på dugnad. Eg undrer meg på korleis eller kordan tankegangen er når det gjeld inkludering av nye innbyggarar. Det vart annonsert at skisenteret trengde dugnadsfolk til ulike oppgåver – eg melde mi interesse pr sms, svaret eg fekk var: takk for interessen men vi har nok folk..

]]>