Familietur – Friluftsblogg http://blogg.nrk.no/friluftsblogg En blogg fra NRK Mon, 03 Mar 2008 09:42:49 +0000 nb-NO hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Barnegøy i fjæra http://blogg.nrk.no/friluftsblogg/2007/08/29/barneg%c3%b8y-i-fj%c3%a6ra/ http://blogg.nrk.no/friluftsblogg/2007/08/29/barneg%c3%b8y-i-fj%c3%a6ra/#respond Wed, 29 Aug 2007 02:43:21 +0000 http://blogg.nrk.no/friluftsblogg/archives/2007/08/barneg%c3%b8y-i-fj%c3%a6ra.html Les videre ]]> Sanking.jpg

Kva gjer vel litt regn når det spennande livet i fjæra skal utforskast? Barnas turlag steikte fangsten!

Avsendar: Monika Blikås

Over 50 medlemmar av Barnas turlag i Bergen troppa opp på Tyssøy med rive og håv, bøtter og spann. For å gjere dagen ekstra lærerik hadde dei med seg ekspertise frå NIFES – Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking. Dyr og småkryp frå fjæra klarte ikkje å unnsleppe ivrige barnehender, men vart bokstaveleg talt håva inn, ein etter ein.

Strandsnegl og albuesnegl har dei fleste sett før i fjæra, men å smake på det..? Etter klarsignal frå Mattilsynet kunne dagens fangst trygt tilberedast i gryta – ei spennande og ny smaksoppleving for både store og små, som knapt ensa det ivrige regnværet.

Les meir om turen og sjå fleire bilete på Barnas Turlag

]]>
http://blogg.nrk.no/friluftsblogg/2007/08/29/barneg%c3%b8y-i-fj%c3%a6ra/feed/ 0
Nattevandring! http://blogg.nrk.no/friluftsblogg/2007/06/18/nattevandring/ http://blogg.nrk.no/friluftsblogg/2007/06/18/nattevandring/#comments Mon, 18 Jun 2007 03:28:58 +0000 http://blogg.nrk.no/friluftsblogg/archives/2007/06/nattevandring.html Les videre ]]> Solnedgang.JPG

Himmelen glir over frå kongeblått til raud-oransj med svake, rosa undertonar. Fem par fjellsko ruslar lett i sommarvarme, bergenske byfjell? og gjer seg klare for nattas høgdepunkt i naturens eige amfiteater: den fjetrande solnedgangen.

Avsendar: Monika Blikås

Ein genial idè blant jobbkollegaer resulterte i ei sommarnatt vi seint vil gløyme: oppmøte kl 21.00 med ryggsekk og kakao. Opp Ulriksfjellet (OK, eg innrømmer det: vi tok bana opp?kne-greier?) og la i veg på den vel fem timar lange fjellturen over til byens andre, berømte byfjell Fløyen.

Ulriksbana.JPG

Sommarnatta var sval og fin. Så herleg! Byfjella by night ? tørt og fint og så merkeleg lyst ? inntil dempa, oransjeaktige skuggar stille la seg over fjellkjeda og den disige kyststripa.

Med nistepakke og varm kakao sat vi ved foten av ein varde då sola sakte glei ned og forsvann ti over elleve ? fulgt av ein eksplosjon i varme, intense fargar over horisonten.

Utsikt.JPG

Men det raraste av alt… det var jo mange folk ute og gjekk på fjellet! Midt på natta! To lystige vandregjengar vart eit hyggeleg møte på turen, og tre svenskar rigga seg til for ei natt under open himmel. Kanskje ein idè for oss neste gang?

Damene varde.jpg

På neste fjelltur må vekkarklokka aktiverast ? då vil vi sjå soloppgangen i fire-tida!

Har du minner frå ein tur du seint vil gløyme? Skriv inn under her! 🙂

]]>
http://blogg.nrk.no/friluftsblogg/2007/06/18/nattevandring/feed/ 1
Indianardag i skogen ? oaoaoa! http://blogg.nrk.no/friluftsblogg/2007/06/05/indianardag-i-skogen-%c2%96-oaoaoa/ http://blogg.nrk.no/friluftsblogg/2007/06/05/indianardag-i-skogen-%c2%96-oaoaoa/#respond Tue, 05 Jun 2007 02:15:01 +0000 http://blogg.nrk.no/friluftsblogg/archives/2007/06/indianardag-i-skogen-%c2%96-oaoaoa.html Les videre ]]> Kajakk 1.JPG

Tenk deg ein skog full av mini-indianarar som spring gjallande ned mot vatnet og flokkar seg rundt kajakkane som glir inn på stranda. Utan frykt eller nåde blir padlarane raskt bytt ut med nye fjærprydde som straks legg ut på eventyr på det solblanke vatnet? ?Dette er livet, mamma!? kjem det frå ein strålande fornøgd junior.

Avsendar: Monika Blikås

Og veit du ? det synst eg òg! Det var aldeles herleg å ta med poden på hans aller første kajakktur ? sitte der i vasskorpa og sjå iveren og gleden i det han ivrig padla utover.

Vi var med Barnas turlag på den årlege indianardagen i Bergen, og du verda så populært det var! Fleire hundre var samla for å lage pil og boge, bli ansiktsmalt, delta i fiskekonkurranse, padle kajakk og grille pølser over leirbålet langs den flotte sandstranda i skogen.

Indianar.JPG

La deg inspirere og finn fram indianaren i deg du òg, det blir garantert ein suksess! Ta gjerne med barna også? 🙂

Lag pil og boge
Du kan enkelt lage di eiga pil og boge av greiner du finn i skogen.
Les mer hos Barnas turlag av DNT

Sjå DNTs bilete frå turen
Album: 721 – Indianerdag Tennebekken

Boktipset
I ?Uteboka? av Farstad og Larsen finn du meir om aktivitetar som laging og bruk av pil og boge, blåserøyr og sprettert.

Legg gjerne inn din eigen tur under her, med tekst og bilete!

]]>
http://blogg.nrk.no/friluftsblogg/2007/06/05/indianardag-i-skogen-%c2%96-oaoaoa/feed/ 0