Panenka – den første straffehelten

Tsjekkoslovaken Antonin Panenka vart tidenes første helt i ein straffekonkurranse i eit meisterskap

Antonin Panenka heiter mannen som vart den aller første straffehelten i eit internasjonalt meisterskap. Han var tsjekker – eller tsjekkoslovak, som det heitte på den tid. Og straffen hans var eit kunstverk som har gått inn i historia.

Då han sto klar til å ta det avgjerande straffesparket, opplevde han augneblinken han hadde sett for seg og trena for i to år. Og målet som avgjorde den aller første straffekonkurransen er truleg det mest berømte av dei alle. – Hadde det vore mulig å ta patent på straffespark, hadde eg gjort det på dette, sa han etterpå.

Sjå Höness’ straffebom og Panenkas vinnar-straffe 

Den aller første straffesparkkonkurransen i ein internasjonal storkamp kom i EM i det dåverande Jugoslavia i 1976. Det var eit uvanleg syn både for publikum på tribunene og oss framfor fjernsynet.

Denne måten å avgjere uavgjorte utslagskampar på vart fødd etter semifinalen i EM åtte år tidlegare, då Italia «slo» Sovjetunionen på myntkast i semifinalen. Men det vart altså ikkje aktuelt å ta straffespark i bruk før i 1976.

Den tids EM-sluttspel besto av berre fire kampar: Semifinaler, bronsefinale og finale. Og alle fire kampane i 1976-EM vart målrike oppgjer som gjekk til ekstraomgangar. Men berre finalen gjekk heile vegen til straffekonkurranse.

At det uovervinnelege vesttyske laget var den eine finalisten, var ikkje overraskande. Dei låg under 0-2 mot vertane frå Jugoslavia, men utlikna til 2-2 i ordinær tid, og vann 4-2 etter forlenging. At motstandaren var Tsjekkoslovakia, var meir overraskande, dei hadde slått ut Nederlands store 70-talslag i semifinalen med 3-1 etter ekstraomgangar.

Finalen gjek til og med på fjernsyn her heime. Det var ikkje sjølvsagt på 70-talet.  EM hadde låg status på den tid, og NRK-budsjettet var heller retta inn på sommar-OL i Canada ein månads tid seinare.

Men denne søndagskvelden var kampen sett opp i opptak (!) etter Kveldsnytt og to timar etter at kampen i Beograd hadde starta. Uansett var det stort å sitje i sofaen heime og sjå kampen med Knut Th. Gelditsch sine underhaldande og engasjerte kommentarar. 

Igjen kom Tyskland bakpå. Tsjekkoslovakia leia 2-0 (Jan Svehlik og Karol Dobias) etter 25 minutt, før Dieter Müller reduserte med sitt fjerde mål i turneringa. Trass massivt tysk press etter pause, var det overtid før utlikninga kom. Bernd Hölzenbeins 2-2-mål var siste spark på ballen i ordinær tid.

Etter resultatlause ekstraomgangar var det klart for fotballhistorie: Det som ved tidlegare EM hadde blitt omkamp og eventuelt myntkast, skulle avgjerast frå 11-meteren her og no. Fem mann frå kvart lag gjorde seg klare til noko dei aldri hadde gjort før; ein konkurranse som utelukkande dreia seg om å score frå straffemerket i ein viktig kamp framfor millionar av tv-sjåarar.

Den italienske dommaren virka ikkje heilt stø i prosedyrene han heller, sjølv om han heilt sikkert hadde pugga reglane godt på førehand. Men dei kom då i gang etterkvart.

Vi andre framfor tv-en denne ekstra seine søndagskvelden venta spent. Dette var noko heilt nytt. Kven ville bli historiens første syndebukk?

Dei 40.000 på tribunene i Beograd hadde sin eigen agenda: Dei hylte og peip som berre søren mot tyskarane. Det var Vest-Tyskland som hadde knust deira eige håp i semifinalen, og derfor lanserte dei den store pipekonserten kvar gong tyskarane skulle ta straffe.

Tsjekkoslovakiske Marian Masny fekk æra av å ta det aller første. Han heldt nervane under kontroll og scora sikkert. Det same gjorde vesttyskaren Rainer Bonhof, mannen som var kjend for sine harde langskot. Hardt og velplassert denne gongen og. 1-1.

Zdenek Nehoda og Heinz Flohe scora også greitt. 2-2.

Nestemann var den tsjekkoslovakiske kapteinen Anton Ondrus, mannen som sette inn både 1-0 og 1-1 i semifinalen mot Nederland. Det gjekk ein støkk gjennom fotballverda då den tyske stjernekeeperen Sepp Maier fekk ei hand på ballen. Men han greidde ikkje heilt å stanse skotet, og ballen spratt i nettet. 3-2, og både tsjekkoslovakane og det etterkvart svært så patriotiske heimepublikummet kunne puste igjen.

Hans Bongartz hadde ingen vanskar med å sette inn tyskarane sitt tredje. Alle hadde scora, det stod 3-3.

Den neste var Ladislav Jurkemik. Hans straffe var ikkje spesielt god, men godt nok plassert til 4-3 likevel.

Tyske Uli Höness var nestemann som gjekk mot straffemerket. Pipekonserten hadde nådd nye høgder då Höness la ballen til rette på 11-meteren. Han tok fart og smelte til.

Nervane heldt ikkje. Bayern-spelaren hadde fersk europacupsiger bak seg, men makta ikkje dette presset. Det harde skotet gjekk høgt over mål. Pipinga gjekk over i  jubel som om det var heimelaget som var på veg mot noko stort. For eigen suksess er vel og bra, men andre sin fiasko er ikkje å forakte, det heller, som kjent.

Og tsjekkoslovakane hadde igjen veteranen Antonin Panenka. Om han scora, var tsjekkoslovakia meister. Men presset på Bohemians-spelaren var kolossalt. Ville han makte det?

Det gjorde han, og det med beskjed, som svenskane seier. Iskaldt lobba han ballen over Sepp Maier, som ikkje hadde venta noko slikt. Panenka venta ut Maier, som såvidt var på veg til si venstre side då Panenkas fot trefte ballen. Ballen gjekk i ein boge over den tyske keeperen, som tidelen for seint såg at han hadde bomma. Frå sin nærmast kneståande posisjon såg Maier ballen gå i ein boge høgt over seg, såvidt under tverrliggaren og i nettet.

5-3 til Tsjekkoslovakia i den aller første store straffesparkkonkurransen.

Panenka fortalde etterpå at denne stunda hadde han drøymt om og trena for i to år. Derfor visste han akkurat korleis det kom til å gå:

– Om eg skyt hardt, kan keeper kaste seg og redde. Men om eg skyt i ein lett boge, kan han ikkje kaste seg tilbake, for han (Sepp Maier) er ingen akrobat. Eg visste at det ville gå, ikkje 100 prosent, men 1000 prosent. For ingen har teke ein slik straffe før. Det var berre eit spørsmål om å gjere det. Det var perfekt innøvd, for dette hadde eg trena på i to år, sa Panenka.

I dag slit han med ei vond hofte. – Det er på grunn av all straffesparktreninga, seier han.

PS: EM i 1976 vart arrangert i eit land og med to finalistar som ikkje lenger eksisterer. Jugoslavia er splitta opp i seks land, Tsjekkoslovakia er delt i Tsjekkia og Slovakia, og Vest-Tyskland har slått seg saman med DDR og blitt Tyskland. Men 20 år etterpå, i 1996, heitte finalistane Tsjekkia og Tyskland….

Om Arve Lote

Arve Lote er nettjournalist i NRK Sporten. Har følgt norsk og engelsk fotball på ymse vis sidan Kniksens dagar på 60-talet, og minnest gjerne episodar, hendingar og anekdotar frå fotballhistoria
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *