Med hestar og Thorstvedt på Maine Road

Veslebror er blitt rikast og truleg også best no. Livet på Manchester City Social Club blir ikkje heilt det same dersom klubben hentar heim ligameisterskapet i helga.

Det er 44 år sidan sist Manchester City kunne heve ligatrofeet. Og dei fleste av dei mellomliggande åra har vore vonde for dei blå frå Manchester. Ikkje berre har det vore tilnærma trofé-tørke og fleire sesongar i lågare divisjonar, byrival United har nesten kvart år jubla over dei store triumfane. Resignasjonen har lege som ei klam hand over City i fleire tiår.

Det er nesten 20 år sidan helga eg nærmast tilfeldig hamna inne i varmen hos dei lyseblå frå fotballbyen for eit par dagar. Eg og ein kamerat la i veg på ein fotballtur til balløya, og hamna tilfeldigvis saman med 12-15 City-supporterar på flyet til Manchester.

Vi reiste for å sjå flest mogleg kampar, fastare var ikkje vårt program. Derfor slo vi følgje med dei lyseblå denne helga i Manchester, og fekk umiddelbart nærkontakt med den lokale City-fansen. Nei, ingen av oss var City-fans, men vi var ikkje United-fans heller, så vi blei tatt varmt imot.

Allereie då var det 25 år sidan City tok det hittil siste av sine to ligameisterskap, og det var det fansen på pubane levde på. Og song om. Om Citys sterke lag på siste del av 60- og første del av 70-talet, om heltane frå 68-laget som snappa ligapokalen rett framfor nasen til tittelforsvarar United, frå cup- og europacupfinalene, og om Dennis Laws’ scoring som sende byrivalen ned i 2. divisjon i 1974.

Det bedrøvelege City-laget på den tida – tidleg 90-tal – var ikkje stort å synge om. Dei blå kava langt nede på tabellen, medan dei raude var i ferd med å feste grepet om nyskapningen Premier League. Smular og gamle minne – det var det City-tilhengarane måtte bruke for å halde motet oppe. Det rådde ei lettare resignert stemning i den blå leiren.

Slik var det på City-pubane denne tidlige mars-helga i 1993. Og det trass i at det faktisk burde vore ei helg med fantastisk stemning full av optimisme akkurat desse dagane.

For City var klar for kvartfinale i FA-cupen og på kurs mot noko stort i ei turnering dei sist vann i 1969, og kanskje på veg mot sitt første trofe sidan 1976 – 17 år tidlegare. Men nei – det verka ikkje som om dei noko slitne City-supporterane heilt våga å tru på suksess lenger. Dei hadde blitt skuffa altfor ofte over altfor lang tid.

Her er det på sin plass å skyte inn at den norske City-gjengen gjorde sitt beste for å løfte stemninga, og det med bravur. På pub etter pub lyste dei lokale gjestene opp når norskegjengen kom. For mange på begge sider var det også stor gjensynsglede – dei norske hadde vore der før. Stemninga blei faktisk ofte rett og slett lystig etterkvart.

Kvartfinalen var av dei som gjekk tidlig søndag ettermiddag, og motstandar var Tottenham. Erik Thorstvedt stod i mål for Tottenham, men fekk ikkje mykje sympati for det – heller ikkje av dei tilreisande nordmennene. Dei var det for City, sjølvsagt.

Eg mista begynnelsen av kampen. Eit enomt lyseblått flagg vart trekt over publikum – det er ikkje uvanlig. Men så begynte kampen, alle begynte å klappe, og flagget stansa opp. Med meg og 50-100 andre under. Alle vi under hala og drog i flagget for å få det vekk. Ettersom alle drog i kvar si retning, tok det si tid før vi kom ut i dagslyset og fekk sjå kampen igjen.

Berre eit par minutt etterpå fekk vi sjå City ta leiinga. Etterlengta heider og ære rykka nærmare. Fansen vurderte om dei skulle begynne å våge å håpe på suksess igjen. For styrte ikkje City kampen? Og var det ikkje berre semifinalen igjen før finalen? Håpet var igjen lyseblått.

Ein snau omgang seinare var håpet redusert til nesten ingenting. Tottenham snudde til 2-1 før pause og 3-1 nokre sekund etter kvilen. Overalt kunne det lesast i City-fansens ansikt: Ikkje denne gongen heller. Vil vi nokonsinne få lov til å juble igjen?

Det enda med 4-2 til Tottenham. Lenge før kampslutt tok fansen til å rusle heimover – eller meir sannsynleg til nærmaste pub. Dette hadde dei vore med på før, det var ingen vits i å få det gnidd inn endå ein gong.

Men nokon tok det tyngre enn andre. Eit par minutt før slutt storma ein handfull frustrerte supporterar bana og fekk med seg fleire hundre andre. Dommaren måtte blåse av kampen og sende spelarane i garderoben, det var ikkje trygt der ute lenger. Ridande politi på sine digre hestar entra bana, og biletet av Thorstvedt framfor ein politihest pryda mange førstesider dagen etter, både i England og her heime.

Eg kan ikkje hugse om dei tre siste minutta vart spela, eller om dommaren berre «gløymde» dei. For dei blå frå Manchester var det skit det same. Håpet om eit minimum av suksess denne sesongen var øydelagt i alle fall. Nok ein gong.

Men gjestfridomen i klubben var det ingenting i vegen med på ein slik kveld heller. Vi – stadig vekk ikkje City-fans – var hjarteleg invitert saman med både norske og andre City-fans på Manchester City Social Club seinare om kvelden. Det skal vel ikkje stikkast under stol at stemninga nok hadde vore høgare med eit anna kamputfall. Men helga vart runda av i ein hyggeleg tone.

Men med ein klar undertone av den store resignasjonen. Når det ikkje gjekk denne gongen heller, skal vi då aldri klare å kome oss til topps igjen? Det var ikkje lett å vere blå i Manchester.

19 år seinare – dei fleste av dei minst like magre og trøysteslause – er stemninga på Manchesters blå pubar ei heilt anna. Trøysta over historiske bragder er avløyst av den ekstatiske optimismen, og tvilen om City nokonsinne skal skine igjen, er heilt borte. Manchester City Social Club (om den framleis eksisterer etter flyttinga til Eastlands) blir nok meir enn berre hyggeleg søndag kveld.

Og fallet desto større dersom City mot alle odds snublar i siste hinder og lar byrivalen vinne igjen. Men det er ei heilt anna historie.

Om Arve Lote

Arve Lote er nettjournalist i NRK Sporten. Har følgt norsk og engelsk fotball på ymse vis sidan Kniksens dagar på 60-talet, og minnest gjerne episodar, hendingar og anekdotar frå fotballhistoria
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *