Våt og dramatisk tusenårs-avslutning

I kveld møter Vålerenga Sogndal på Ullevaal. Men kampen blir neppe like dramatisk og heilt sikkert ikkje like avgjerande som då dei møttest på samme bane ein gjennomvåt måndag i 2000 – i den siste kampen i norsk toppfotball i forrige årtusen.
Alle himmelens sluser opna seg, ballen stansa i dammane heile tida og skapte rare situasjonar. Ingenting kunne forutseiast. Men for Vålerenga og Sogndal galdt det fotballframtida.
Tredje siste laget i eliteserien skulle møte lag nummer tre i 1. divisjon, slik kvalifiseringa var den gongen i år 2000. Det innebar Vålerenga og Sogndal.

Dei spela 1-1 i første kampen på Fosshaugane, og Vålerenga hadde eit godt utgangspunkt for å berge kontrakten i returkampen på Ullevaal 30. oktober.

Men denne måndagen regna det. Ikkje berre litt, det ausa ned, det hølja ned, det plaska ned. Men avlysing var ikkje noko tema, både fordi Ullevaal-matta var fast og god, og fordi både laga og forbundet gjerne ville avslutte sesongen. Kampen vart sett i gong.

Favoritt Vålerenga fekk ikkje lett spel. Sogningane kriga som dei måtte i vatnet på Ullevaal, der småpasningar på ingen måte var dagens løysing. Sogndal tok tidleg leiinga, men Vålerenga – ved Kjetil Rekdal frå 25 meter – utlikna før pause. Og rett etter pausen tok Vålerenga leiinga og hadde stø kurs mot fornya kontrakt.

Men regnet tiltok i styrke, vassdammane vart djupare og djupare, og ballen stansa oftare og oftare der han ikkje skulle. Og dei stakkars målvaktene glapp ballen heile tida – både ballen og graset var sleipt som såpe.

Fem minutt stod igjen, og Sogndals Rune Eckhoff hadde fått raudt kort. Rune Bolseth la inn, Tommy Øren var høgast og skalla ballen i nettet via stanga. 2-2, og Sogndal var oppe på grunn av bortemålsregelen. Røysa av Sogndalspelarar i myra framfor VIF-målet var enorm.

Men enno stod det att nokre minutt, og overvatnet på bana steig. Dei siste fem minutta av kampen var ballen nesten konstant inne i dammen som utgjorde Sogndals 16-meter, og det var ufatteleg at det ikkje blei nettkjenning.

Det gjorde det ikkje. Det enda 2-2. 10 unggutar frå Sogndal – ingen var over 25 år – hadde sendt storklubben frå hovudstaden ned i mørkret denne mørke og våte måndagen. Det var då det sprakk for Vålerengas investor Øystein Stray Spetalen:

– Dette nedrykket var bestilt allerede i januar, da en klikk presset Jon H. Nordbrekken ut av lederstolen (….) Dagens styre har ikke egenskapene som skal til. Nå har de fått varen levert. Den heter 1. divisjon og Mandalskameratene. Takk for meg!

Det nye årtusenet begynte dermed lyst for Sogndal, men bekmørkt for Vålerenga.

Vålerenga skulle imidlertid kome sterkt tilbake med seriegull og to cuptriumfar – men det er ei anna historie.

Om Arve Lote

Arve Lote er nettjournalist i NRK Sporten. Har følgt norsk og engelsk fotball på ymse vis sidan Kniksens dagar på 60-talet, og minnest gjerne episodar, hendingar og anekdotar frå fotballhistoria
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *