50 år sidan «maratonserien»

FFK cupfinalen 1961

FFKs store lag frå tidleg på 60-talet, her fotografert før cupfinalen i 1961 (7-0 over Haugar). I troppen er mellom anna Per Mosgaard, Bjørn Borgen, Arne Pedersen og Per "Snæbbus" Kristoffersen. Men storfavorittane klarte ikkje å vinne "maratonserien"

Trudde du at 16 lag i norsk eliteserie er eit nytt påfunn? Det er det ikkje. For 50 år sidan var det like også 16 lag. Og nedrykksprosenten var historisk tøff – ufattelege 50 prosent. Dessutan: Fleire mål i ei serieopning har det aldri seinare blitt scora i den øvste norske divisjonen, 4,75 mål i snitt pr kamp.

Sesongstart er alltid spennande. Sommaren (!) 1961 var premieren kanskje enno meir spennande enn før. For første gong skulle nemleg alle dei beste klubbane i landet møtest i ein serie. «Det er en lettelse å slippe å lese to forskjellige tabeller», skreiv Aftenposten dagen før seriestarten den 30. juli.

Og interessa var derfor kolossal. Fredrikstads storlag frå første del av 60-talet var storfavoritt. Oslo-klubbane stod sterkt med sine fire lag i maratonserien, det same hadde også Vestfold. Brann var nyopprykka, men det gjekk rykte om at eit storlag var på gang i Bergen. Og kva med Rosenborg, som overraskande hadde vunne cupfinalen året før?

Ikkje rart at det nesten kokte i Fotball-Norge før dei åtte kampane i seriestarten denne julisøndagen.

Bakgrunnen var denne: Fram til 1960/61-sesongen spela dei 16 laga i Hovudserien, som øvste divisjon heitte då, i to grupper. Og serien begynte om hausten og slutta om våren. Dette ville NFF endre på, til ein tiklubbserie som skulle følgje kalenderåret.

Derfor vart sesongen 1961/62 ein overgangsserie. Alle 16 klubbane møttest i ein serie, med start i juli 1961 og siste serierunde i oktober 1962. Dei åtte beste fekk vere med i den nye 1. divisjon frå 1963, saman med dei to som rykka opp frå Landsdelsserien. Dei åtte siste på tabellen måtte ta plass i 2. divisjon. Gjett om det vart kamp om plassane rundt midten av tabellen i det som har gått inn i fotballhistoria som «maratonserien». Det var neppe nokon då som trudde at 50 år seinare skulle det vere normalt med «maratonserie». For den tids Fotball-Norge var det stort og flott med ein serie på 10 klubbar, som skulle bli permanent frå året etter.

Dei fleste av dagens store lag var med i «maratonserien»: Fredrikstad, Brann, Vålerenga, Viking, Rosenborg og Odd var med. Det var også Lisleby, Greåker, Larvik Turn, Eik og Ørn – lag som i dag er eit godt stykke unna norsk toppfotball.

Og altså derfor: Interessa  for serieopninga var som nemnt enorm. Publikum kan neppe ha blitt skuffa heller. Ikkje mindre enn 38 mål vart det på dei åtte kampane den første kampdagen. Flest i Steinkjer der «maratonseriens» storfavoritt Fredrikstad vann 5-3. FFK leia 5-0 ved pause og roa kraftig ned i andre omgang.

Lite visste dei då at dette skulle bli sølv- og bronsevinnarane i maratonserien. Trass heimetapet i premieren skulle Steinkjer ta sølvet på betre målskilnad enn FFK når alt vart summert opp nesten 15 månader seinare.

Klippen og Kniksen

Thorbjørn "Klippen" Svenssen (Sandefjord) og Roald "Kniksen" Jensen (Brann) var to av Hovudseriens største profilar på tidleg 60-tal. Her er dei kollegaer på landslaget

Men mest uvisse knytta deg seg til Brann. Bergensarane var nyopprykka, men det gjekk gjetord om det sterke laget med Roald «Kniksen» Jensen og Rolf Birger «Pesen» Pedersen i spissen. Brann hadde dessutan vore på treningsleir før seriestarten! Det var ikkje sjølvsagt i ei tid då all idrett følgde strenge amatørreglar.

Brann skuffa ikkje i seriestarten. 3-0 før det var gått eit kvarter vart til 4-2 over Larvik Turn. Laget frå Bergen skulle halde heilt inn, og var det laget som stod med flest poeng då alt var over.

Frigg vann størst i seriestarten (5-1 over Odd) og fekk gleda av å leie tabellen, og Skeid slo Vålerenga 2-0 i det første av mange Oslo-derby. I Vestfold var det også nabooppgjer i seriestarten.  Ørn – Eik enda 3-3.

Ti serierundar kom laga seg gjennom før vinterpausen. Då låg Brann og Fredrikstad likt i teten. At dei to skulle møtast i første vårrunden i 1962, gjorde ikkje akkurat fotballfeberen mindre framfor «restarten» av sesongen siste søndagen i april. Og nok ein gong leverte laga varene til gagns: Etter 3-2 til Brann ved pause, vann FFK toppkampen 6-3.

Vårsesongstarten for 50 år sidan hadde også eit anna poeng: Per Bredesen – Norges suverent mest profilerte utanlandsproff før profesjonaliseringa av norsk fotball rundt 1990 og framleis ein av dei største i norsk fotballhistorie – var heime igjen etter ni år i Italia. Han returnerte til sin tidlegare klubb Ørn i Horten. Ørn hadde teke skarve tre poeng og stod utan siger før Bredesen kom tilbake.

Bredesens tilbakekomst resulterte i sju sigrar, den klart mest oppsiktsvekkande med 5-1 borte over sjølvaste Fredrikstad i nest siste serierunde. Bredesen scora tre mål i den kampen.

Men 3-6 i 1962-premieren til tross, det var Brann som var laget i denne historiske sesongen med 16 klubbar i øvste divisjon. Haust-innspurten var det klasse over: Ni haustkampar gav åtte sigrar og 37-10 i målskilnad.

Dei tok revansje med 4-1 over FFK heime i Bergen i tredje siste serierunde, avgjorde meisterskapet definitivt med samme siffer mot Rosenborg i kampen etter – historia vil ha det til at «Kniksen» spelte dei siste minutta i sokkelesten i snøkavet og gjørma på Lerkendal – og bergensarane heldt gullfest med 3-0 over Eik i serieavslutninga. Gullet var «heme» for første gang.

Det skulle gå 47 år til neste gong ein seriestart i norsk eliteserie omfatta åtte kampar og 16 lag. Men det var om våren, og då klarte dei alle 30 rundane på eitt kalenderår.

Om Arve Lote

Arve Lote er nettjournalist i NRK Sporten. Har følgt norsk og engelsk fotball på ymse vis sidan Kniksens dagar på 60-talet, og minnest gjerne episodar, hendingar og anekdotar frå fotballhistoria
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *