Kald moro

One down. Millions to go...

One down. Millions to go...

Førjulsvinteren byr på kald-svett moro for treningskåte: Rypejakt.

Eg har etter kvart lært å ikkje fortelje kor eg går på rypejakt, fordi det brått vrimlar med jegrar der og bestanden blir nedskoten. Ein kamerat av meg opplevde at etter at BT i haust skreiv at det var mykje ryper i eit terreng på Voss, fann han 30 jegrar i terrenget sitt på Mjølfjell, som tross alt er eit stykke unna. På ein dag reinska dei terrenget, og det var moroa for den sesongen.

Men på rypejakt har eg vore, saman med ein kamerat. Først peika han ut ein 3-4 kilometers runde litt lavt i terrenget, der han hadde lyst å gå. Eg syns det såg litt kort ut. Dette måtte no vere snakk om ein times rusletur? Så feil kan ein ta.

Den skulle syne seg å være meir enn tung nok. Det er rart med det: I laussnø til over knea blir det fort mosjon av det. Eg hadde bestemt meg på førehand å halde så lavt tempo at eg ikkje løyste svetten. Det skulle vise seg at eit så lavt tempo fanst ikkje.  Eg datt og velta og rulla bortover ei fjellbjørkeli, oppdaga etter kvart at lommene måtte lukkast, snøen taut inn overalt. Brått kaklar det to meter nede til venstre for meg, vengeslag, eg kastar meg rundt, hiv opp hagla, misser balansen, kjenner det, men registrerer samstundes at eg i oppkastet la kornet rett på fuglen, let meg falle mot venstre, følgjer rypa med kornet, og dreg av skotet eit tidels sekund før rypa forsvinn under himmelsynet femten meter frå meg. Ho er daud i skotet, smokkar inn i ein bjørketopp, dett i bakken og rullar nedover lia. Langt nedover lia. Langt nedover den fjellbjørkesammensuriete, djuplaussnøkavete lia. Her skal det ikkje bli lett å komme seg opp att. Om eg i det heile teke greier det. Eg rutsjar meg nedover, kavar meg rundt i laussnøen, finn rypa. Baksar meg oppover i det kvite pudderet, kjem opp att, dyvåt av svette i tolv minus. Har ikkje kle-byte i sekken. Programmet for resten av dagen er greitt: No er det å gå så hardt at ein held varmen så lenge ein orkar, og så er det slutt.

To timar held det, så tuslar vi mot bilen, fullstendig pumpa. Hua mi er så sveitt og så frosen at eg kan setje ho frå meg som ein hjelm. Men gøy? Det er ikkje synd i ein mosjonist, når han kan trene på denne måten…

Måneskinsryper. Julemiddagen er sikra.

Måneskinsryper. Julemiddagen er sikra.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Kald moro

  1. Arne G. Ringstad sier:

    Godt skildra!
    Eg har også vore på rypejakt i knesnø – god mosjon!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *