Utsikt og romantikk i havgapet

Gunn Aamdal Mongstad skodar ut over sitt øyrike.

Gunn Aamdal Mongstad skodar ut over sitt øyrike.

Strålande utsikt, geologiske godbitar, dronning-historier, ei songarinne som guide, og eit vellukka frieri. Pollatind-turen med Solund-ordførar

Gunn Åmdal Mongstad baud på store opplevingar:

Ein solskinsdag for nokre år sidan var det ei kvinne i Solund som fekk seg ei lita overrasking: Ute på sjøen låg kongeskipet «Norge», og  i hagen hennar sto det eit heilt følgje, deriblant dronning Sonja. Ho hadde sett Pollatind frå skipet og fann ut at opp dit ville ho, og det på timen. 

Og det er ikkje rart. For om Pollatind ikkje ruvar så høgt (547 moh), så er det eit flott fjell med strålande utsikt. Eg telte tre oljeplattformer i horisonten.

Ein fjelltur i Solund blir dessutane veldig fort ei geologisk studie. Heile kommunen består av (delvis) lyngkledde berg, og all berggrunn er konglomerat frå Devontida. For rundt 400 millionar år sidan fans det tre kontinent i verda. Litt nord på det euramerikanske kontinentet gjekk ein gigantisk flod ut i havet, og der vart det avsett sand, slam og rullesteinar. Desse steinane stivna i slammet og vart til konglomeratet som i dag utgjer Solund kommune.  Det same konglomeratet finn du forresten att i Storehesten-massivet, Lihesten, Hornelen og Gjegnen.

Og det ser du: I alle brotflater (vegskjeringar) ser du eit glitrande mylder av forskjellige småsteinar, «støypt» inn i berget. På  svaberga er overflata ru og knudrete av alle småsteinane som stikk ut av berget. Dette gir godt skofeste, men barbeint kjem du ikkje langt. Det gjer rett og slett for vondt. Den vakre steinen har lokka steinprodusentar til å prøve å skjere steinplater til kjøkenbenkar og bygningsbruk, men det høge innslaget av kvarts (som smuldrar lett) gjer at steinplatene blir for ustabile.

Til turbruk, derimot, er det altså perfekt. Eg møter Gunn ved avkjørsla rett før Solund verft, der eit litt ruskete skilt markerer at her byrjar stien til Polletind. Etter nokre økter no med gamle fjellfantar som Ingemar Nordstrand, Leiv Sønderland, Jarle Berge og  Jan Egil Fimreite, var det ei herleg forandring å gå med ei søt, sjarmerande kvinne på min eigen alder. For Gunn Aamdal Mongstad er ei skikkelig hyggeleg dame. Eg insisterer på at ho må då vere yngre enn meg, (og det trur eg ho likar å høyre), men det viser seg at eg tek tre-fire år feil.

Undervegs får eg eit innblikk i korleis det er å bu i ein pitteliten kommune.  Og det at ho fortsatt er gift, for det har no faktisk vore på hengande håret. For han fekk hjartestans på undersøkelsesbenken på doktarkontoret, men heldigvis hadde kommunen kjøpt hjartestartar fire månader før, så dei fekk no sveiva han i gang igjen. Det var jammen flaks, for dermed kunne Gunn arrangere surprise-femtiårsdag i sommar.

– Eg hadde lurt unna kontantar i lengre tid, så han ikkje skulle sjå på bankutskriftene kva eg heldt på med. Eg nikkar, eg veit korleis det er å være gift med ein økonomisjef.

Turen er tyngre enn ein kanskje skulle tru, for med det gode fotfestet går stien rett opp, nesten uansett kor bratte berga blir. Men Gunn dreg historier som perler på ei snor, så tida går fort. Dessutan er det ein ting som er litt spesielt, i eit landskap totalt blotta for vegetasjon høgre enn tretti centimeter: Du har flott utsikt absolutt heile tida. Før eg veit ordet av det har vi klatra opp på platået, og så er det relativt flatt inn til varden.  

Og FOR ei utsikt: Alden og Kinnaklova tronar på ei glitrande havflate nord for oss, Gjegnen, Ålfotbreen og Gjegnalundsbreen i nord/nordaust, Jostedalsbreen i aust, Blegja og Hestane innafor, Lihesten eit børseskot unna, Brosviksåta med Gulen-sendaren, og eit imponerande utsyn over dei tusenvis av øyar og holmar som utgjer Gulen og Solund. Spesielt slår det meg for ein kjempestor kommune Gulen er. Spesielt er det og å sjå Sognefjorden frå dette perspektivet, eg kjenner att slyngene eg så langt berre har sett på kartet.

Og så ser vi oljeplattformene ute på havet. Tre stykker, som  pressekontakt Gisle Johansson i Statoil seier er plattformene på Gjøa-feltet. Lenger unna er det ikkje. Men pengane renn altså til Stavanger. Og Oslo.   Det er rart, du… 

Og så skjer det som lett kan skje, når ein er på Vestlandet: Nokon kastar eit blikk på ei klokke, og kjem på noko om ei ferjerute, og så spring vi.  Vi spring faktisk så fort at eg heldt på å bryte beinet, idet eg trakka ned i ei forræderisk glipe mellom to steinar, skjult under lyngen.  Men vi rekk det. Vi har no rukke noken ferjer før, vi.

Sjå bileta frå fjellturen med Gunn Mongstad her.

 

Det er no søtt, då. Knakjse Pollatind blir friarfjellet heretter?

Det er no søtt, då. Kanskje Pollatind blir friarfjellet heretter?

Gunn er veldig opptatt av boka. Ho vil skrive seg inn. Og der finn ho det: Frieriet. Ein ung mann tok med seg ei ung kvinne til toppen av Pollatind for å legge fram ei sak for henne. Og han fekk ja! Det er no nesten litt rørande.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Utsikt og romantikk i havgapet

  1. Nina Skjærli sier:

    Molden

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *