Hjorte-safari

"Foreldre-teltet" nærast. Obs rim. Nesten igloo...

"Foreldre-teltet" nærast. Obs rim. Nesten igloo...

Denne veka kan du få deg ei naturoppleving av dei sjeldne: Legg deg i telt og høyr hjorten brøle. Her skal du få eit par fine tips:

Rundt fjorten dagar no går hjortane heilt av skaftet i ein ellevill brunst. Bukkane går rundt og brøler dag og natt, når veret er fint, og det gjer dei av to grunnar: 1: Å trekke til seg brunstige koller, som dei skal samle i haremet sitt, og 2: Skremme vekk andre bukkar. Men det kan like godt hende at dei lokkar til seg andre bukkar og, som gjerne vil markere revir og i grunnen overta heile haremet på kjøpet.

Dette medfører ein ganske intens konsert ute i liene akkurat no. Sist helg var bror min på besøk, med by-ungane sine, og eg fann fram lavvoen min og tok dei med på telttur på Øvrestrand ved Viksdalsvatnet.  Søstra mi og familien kom og på besøk, og sjekk den geniale videoen eg tok her:

Noko koseligare enn å ligge i ein lavvo og fyre eit lite leirbål og koke rett i koppen og høyre skogens dyr i fri utfalding hundre meter unna, det trur ikkje eg finst.  Eg apa etter brøla det beste eg kunne, og spesielt ein diger brande kom nærare og nærare, heilt til ungane vart redde og trygla meg om å halde opp. Neste dag kunne folk med større greie på dette enn meg fortelje at det var nok veldig lurt: Hjortebukkane er nærmast sinnssjuke av brunst, og det er ikkje godt å vete kva dei finn på, om dei er overtydde om at det finst ein rival i nærleiken.

Her kjem eit par praktiske tips om lavvobruk:

Rose (10) konstaterer at vatnet vårt fraus om natta, så kaldt var det. Men like blid!

Rose (10) konstaterer at vatnet vårt fraus om natta, så kaldt var det. Men like blid!

Ikkje kjøp lavvo med botnduk. Det blir svidd hol i han (glør frå bålet) ganske snart likevel, like greit å bruke ei presenning, som ein kan skifte ut etter kvart.  Legg ut presenninga først, og sett opp lavvoen etterpå. Hugs å tre ringane til rundbrennaren på stanga før du set ho opp, etterpå er det umogeleg. Fald overskytande presenning tilbake inn under lavvoen, slik at ingen ting stikk utanfor. Første gong eg brukte lavvoen min, fann vi ut at det overskytande feltet på 2×3 meter kunne bli ein fin liten «veranda» utanfor teltopningen. Så kom natta, det begynte å styrtregne, det fall mykje regn på lavvoen (og det rann ned på verandaen), det fall regn på verandaen, og snart rann ein liten flod frå verandaen og inn under lavvoduken, og brått var lavvogolvet forvandla til eit lite spa. Litt kaldt, rett nok.  

Ovn: Det fins små lavvovnar dei kallar rundbrennarar. Det er i praksis ein stor hermetikkboks med masse hol i. Den fungerer berre som eit stativ for eit lite bål, men som det fungerer! Genialt. Viss du har passa på å setje opp lavvoen med døropningen MOT trekken/vinden, og topphatt-opningen MED /unna vinden, vil det oppstå ein luftstrøm inn opningen og ut topphatten, som tek med seg bålrøyken. Det motsette er ikkje å anbefale. Eg har prøvd det og, eg, med røykforgiftning inntil oppkast som resultat.

Bruykar du skikkeleg finkløyvd, tørr ved (i grunnen oppfyringskvalitet), vil du heile tida halde ein god, liten flamme i bålet, og dermed har du fin strålevarme og god trekk i bålet. Kanon.

Sett ei stor steinhelle under rundbrennaren. Er hella stor nok, kan den fungere som underlag for ein primus og. (Sist brukte eg ei takhelle). Så er det berre å koke seg rett i koppen (real turmat viss du har mykje pengar), grille pølser på bålet, og storkosinga kan begynne.  Ta med gryteklutar/grillvott, så du kan bære ovnen ut før de legg dykk til å sove. Til slutt vil bålet brenne ned og bli liggande og ose, og eg tek i alle fall ikkje sjansen på å bli liggande og sove i den osen og kanskje aldri våkne meir.

Hugs rikeleg med liggeunderlag (Minst fem cm mellom deg og bakken), huer og vottar. Har du då ein god sovepose i tillegg, så søv du godt og varmt heile natta.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Hjorte-safari

  1. Per Anders sier:

    Alle var einige om at dette var den beste kvelden/natta dette året.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *