Til helvete og tilbake

I Aurlandsdalen fekk eg ein ide til eit karsstykke som er så skremmande at eg grøssar ved tanken: Å svømme tvers over Vetlahelvete og tilbake igjen. Reiselivssjef i Aurland og Lærdal, Noralv Distad, lovar ut ein dusør på 5000 kroner til den første som gjer det – og beviser det her på bloggen!

Sjekk reglane her:

Reglane er klare: Du må få nokon til å filme deg – i god kvalitet – mens du presenterer deg, går uti, søm bort og tar i bortre veggen, søm tilbake, kjem opp og gir ein kort kommentar om korleis det var. Så legg du klippet ut på youtube, skriv ein kommentar til denne artikkelen og legg youtube-lenka der. Stå på!

Det råda ei «Blair Witch Project»-stemning rundt Vetlahelvete. Eg syns rett og slett det var litt uhyggeleg. Sjekk video her:

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

14 kommentarer til Til helvete og tilbake

  1. Liv Marit sier:

    Eg har sett folk (turistar sjølvsagt) symje i Vetlahelvete og har bilder av dette. Men ikkje video, dessverre.

  2. Ole Johannes sier:

    Turistar er galne og tel ikkje. Fins det ikkje ekte mannfolk (eller kvinnfolk) i Aurland? Må eg komme inn og gjere det sjølv?

  3. Lustringen/Sunnfjordingen sier:

    Eg er på veg Ole Johannes, inga grunn til uroing. Har du noko anslag på antal symjemeter? Hadde vore greit å vite då eg aldri har vore på staden før.

  4. Ole Johannes sier:

    Lukke til, Lustringen/Sunnfjord! Tippar det er ca. 15-20 meter. Kvar veg. Hugs god kvalitet på filmen. Det er ganske uhyggelig. Får ikkje håpe du blir sugd ned i undergrunnen…

  5. Aurlandskar sier:

    Ingen som har svømt endå?

  6. Mario Midje Baltov sier:

    http://www.youtube.com/watch?v=Wdvm0_V24DE
    Då var karstykkjet utført, og det måtte ein lokal (Vassbygding) helt til!

  7. Lustringen/Sunnfjordingen sier:

    Eg var faktisk oppe fredag 22.oktober, til min store frustrasjon var det 5cm tjukk is på overflata og ikkje mogleg å få knust noko løype fram mot enden hola.. (Har det på film) samme helga reiste eg til Sunnfjord og henta øks, tau og våtdrakt, men sjukdom førte til utsettlse av tur nr. 2.. gratulerar Vassbygdingen som slo meg på målstreken, og legg til at det værste med turen ikkje kan ha vore sjølve badinga, men heller hengbrui.. I alle fall for meg som gjekk med fulle hender og på islagt bru.

  8. Vassbygdingen sier:

    Sterkt gjort Lustringen!
    Tykkjer nesten synd i deg som ikkje fekk symjeturen. Skal seiast at det var is då eg var der oppe og, berre ikkje i tjukke lag, heldigvis. Men ein iskald fornøyelse var det lell.

  9. Morkaper sier:

    Litt av ei bragd!

    Nei, eg vert ikkje imponert før nokon dukkar ned å hentar ein «kvernestein» i botnen på gryta.

  10. Vassbygdi01 sier:

    Får hoppe uti og hente kvernesteinen din du dao. Hadde du kjent pao vatne hadde du vå imponert øva at han ikkje snudde når han gjekk uti. Va vind, regn å kaldt so ingen so burde klaga pao innsatsen når ein kjem seg fram te veggen gjennom islag pao vatne.
    Va kaldt nåkk å stå å filma at han svømte øve.

  11. Rappkjefta sier:

    Møkkaper elle ke du no kadla deg,da gaor vell an å unna folk premien når da va da veddemaolet gjekk ut pao??:)
    tykkje han gjorde ein god innsats eg!

    Men blir imponert når du ha dukka ned og funne botnen,da blir ein endå større prestasjon!me ventar i spenning:)

  12. Rappkjefta sier:

    lustringen,du får reisa opp og symja te sommaren;) verdt da sjøl uten pengane,ha bada dar eg og;)kjempe artig!

  13. Ole Johannes sier:

    GRATULERER MARIO! Trudde sesongen var over, eg, og hadde i grunnen gitt opp å få sjå dette på denne sida av jul. Har vore so travelt oppteken med premiere på det nye showet mitt i kveld at eg har ikkje fått sjekka bloggen denne veka. KJEMPE!
    (Eg skal no inn til sommaren og sjå om ikkje eg greier det sjølv og:)
    Ole Johannes.

  14. Rappkjefta sier:

    Om sommaren e da berre kjempe herrrle ette å ha gaott nedøve i dalen i steikandes sol!!ynskjer deg ein fin tur til sommaren OJ,og lykke til med badinga;)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *