Tofjells-mannen

Terje Tindefjellsbestigar Lyngstad

Terje Tindefjellsbestigar Lyngstad

Teatersjef Terje Lyngstad var ikkje før komen ned frå Tindefjellet (1083 moh), så sprang han på Førdsnipa (863 moh). Er du treningsnarkoman, så er du treningsnarkoman.

– Tindefjellet! var Terje Lyngstad sitt umiddelbare svar då eg ba han ta meg med på det finaste fjellet i Jølster.

– Tindefjellet er ein grei tur, utsikta er vidunderleg, og «alle» kan ta turen, sa Terje. Eg var litt betenkt. På oversiktsbildet i Opptur-boka ser det noko bratt ut, og spesielt vart eg litt bekymra då Terje ville droppe turen om Svidalen (som ser slak ut) og gå opp og ned ruta fra Vassenden (som ser bratt ut).

Legg så til at turen går saman med fylkets kanskje mest profilerte treningsnarkoman, mannen som gjekk over 400 turar på Hafstadfjellet i 2009, så skjønnar du at dette skal bli tungt. – Korleis er det eigentleg å være treningsnarkoman? spør eg Terje.

– Det er godt. Det er vel som med andre narkomane. Eg tippar dei har det fint, akkurat når dei rusar seg. Og Terje kan jo «ruse seg» kvar einaste dag.  Han er litt sjaber etter Oslo Maraton i helga. Det passar meg fint. Tre kvarter opp i lia krysser vi Årseth-grova første gong. det er ein sjeldant vakker elv, som glitrar seg nedover svaberga langs det brattaste partiet av stien.  Terje er svolten. Han er glad i mat.

Terje og Jølster. Det er vakkert. Jølster, altså.

Terje og Jølster. Det er vakkert. Jølster, altså.

Terje tek fram eit lite mobilt gourmetmåltid, pakka i sølvfolie: Danske rugbrødskiver  med pesto, mozzarella, salat, fetaost, tomat, basilikum og balsamico. – Den nye kjærasten min er fantastisk til å lage mat. Ho har lært meg utrulig mykje, fortel Terje. Eg kjem på kva mor mi brukte å seie: – Vegen til mannens hjarte går gjennom magen.

Han er veldig forelska, Terje. Eg prøver å vri samtalen over på stien og fjellet, men Terje vil berre snakke om kjærasten sin. Dei skal springe New York maraton i lag, og springe hand i hand over målstreken. Det kan virke som om teatersjefen har bestemt seg for å ta regien i sitt eige liv, og gjere det til ein uhyre romantisk kjærleiksfilm.

Vegen opp fjellet går forunderleg lett. Det hjelp jo godt at Terje har ungar, og har lært seg å vente på folk.

– Eg var veldig til å trene på åttitalet, men så dabba det av, og utpå nittitalet var det heilt slutt. Det var no denne fasen i livet der du har små barn og ikkje tid til nokon ting. Men for fire-fem år sidan begynte eg å gå ein tur opp til Bekkjavatnet (282 moh.) kvar dag, og så balla det på seg. No spring han altså maraton på tre og ein halv time.

Tindefjellet er Sunnfjord sitt svar på Molden i Luster.  Stien er godt merka, lett og trygg heile vegen, og utsikta er flott, spesielt viss du er veldig glad i Jølster. Som Terje Lyngstad. Vi brukte tre timar opp (dette var min fjerde fjelltur på fem dagar, og eg var ganske sliten alt då vi starta) og halvannan time ned. I bilen på veg ned får eg bekrefta at Terje er ein ekte treningsnarkoman: Telefonen ringer. Tore Dvergsdal på tråden: – Skal du vere med på Førdsnipa?

– Jess, ropar Terje. – To fjellturar på ein dag! Er det ikkje herleg? 

Bilete frå turen finn du her:

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Tofjells-mannen

  1. Anne Cecilie Kapstad sier:

    Terje synte deg ein av dei beste utsiktsrutene opp til Tindefjellet. Om du ynskjer å ta to Jølster-toppar på ein dag har eg eit godt turtips. Kva med middag på Middagsfjellet og nons på Nonsnipa?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *