– Dei fann ein arm

Ingemar Nordstrand. Slik ser ein gamal fjellfant ut.

Ingemar Nordstrand. Slik ser ein gamal fjellfant ut.

Lihesten er ein dryg tur. Men kva gjer det, når du går saman med ein tidlegare gullgravar, Norge på langs-syklist, sauegjetar, forfattar, globetrottar, ordførar og husmann? Ingemar Nordstrand (78) har eit smadra lårbein «lappa saman med jernplate og hesjestreng», men han fortel hårreisande historier og klarer seg fint.

Det er ikkje ofte du har ein så lokalkjend guide på fjelltur. Ingemar Nordstrand (78) seier han har vore på Lihesten minst hundre gonger, men når han begynner å rekne, finn eg fort ut at det må være mange, mange fleire enn det.

Vi møtes ved kommunehuset i Hyllestad. Ingemar haltar og ser i det heile tatt litt gebrekkelig ut, eg må seie det.

– Eg smadra eine lårbeinet i eit sykkeluhell for eit par år sidan. Dei lappa samman splintane med ei jernplate og noko hesjestreng. Beinet er litt for kort, og litt skeivt, og jernplata hindrar musklane litt, men det går heilt fint, seier Ingemar. Han har bestemt seg for det.

Vi peisar i fint tempo opp til stidelet, der ein kan velje mellom Nipestien og Lundelandsstien. Eg har lest meg opp, og veit at dette er valget mellom ein kort og særdeles nifs tur, og ein lang og trygg tur. For Nipestien er så bratt at ein stad heng det ei tauløkke som du skal stige opp i, så du rekk opp til neste tau, som du så dreg deg opp etter til neste fotfeste. Ingemar antyder at han kan tenke seg å gå Nipestien, fordi det er så veldig kort og kjapt, men eg blånektar. Eg har lært litt no.  Det blir Lundelandsstien.

Og kva gjer det om turen er lang, når ein går saman med ein mann som har opplevd så mykje som Ingemar? Han vaks opp på prestegarden i Hyllestad («eg vart avkristna av det»), jobba som lærar i Vardø (det vart for mørkt), vart landskjend då han i 1959 sykla frå Vardø til Oslo på ti dagar («Det sto 20 000 menneske og venta då eg sykla inn på Ekebergsletta»), flytta til New Zealand og jobba som frilansjournalist, sauegjetar og gullgravar der («eg vart ikkje rik»), tok seg jobb som studie- og treningsrettleiar i Sjømannsvelferden (som Sjømannskirka, men utan Jesus) saman med skøytestjernene Fred Anton Maier og Hjallis, skreiv bok om (og restaurerte store delar av) Den Trondhjemske Postvei, og enda opp på ein husmannsplass i Hyllestad.   Var ordførar i Hyllestad og ei stund, og sette opp eit minnsesmerke etter Havørn-ulukka i 1936, der sju menneske omkom («Det kom klatrarar frå Oslo og skulle rydde opp. Det var første gong dei klatra med boltar i Norge. Året etterpå klatra fire lokale ungdommar opp med vanlege sko, og kom høgare opp. Beviset var at dei kom ned att med klokka til piloten, og ein arm. Eller kanskje ein fot. Ein kroppsdel, i alle fall.»)

Tida går fort i slikt selskap. Vi kjem oss fint og trygt opp på platået (sjølv om eg skulle likt å sjå korleis dei i gamle dagar fekk kyrne opp denne stien), og så begynner vi å gå. Og gå, og gå, og gå. Platået inne på Lihesten er enormt, og det blir ikkje bedre av at det er veldig småkupert. Det er opp og ned og sikk-sakk hit og dit heile vegen, og nista på 3L-stølane smakar godt. Det er Ingemar som har funne på navnet, for det er stølane til gardane på L: Lundeland, Lekva og Lireid. Det var ikkje alle som syntes det navnet var OK, men på Lihesten er det Ingemar som bestemmer.

Til maten serverer Ingemar sin eigen styrkedrikk, legendarisk blant deltakarane i Lihest-klyvet (turløpet som Ingemar var med og starta opp): Gygreskvetten. Den er det berre han og gygra som kjenner resepten til (og knapt nok det), og den smakar så sterkt og godt at eg må spørre om det er 18-års aldersgrense på han. Men det påstår Ingemar at det ikkje er. 

Ingemar ved Gygrekjeften. Ein kan gå ut der. Viss ein er galen nok.

Ingemar ved Gygrekjeften. Ein kan gå ut der. Viss ein er galen nok.

Turen frå 3L-stølane til Gygrekjeften blir lang. Utan eitt einaste tre som referansepunkt er det vanskeleg å berekne avstandar, og eg synest vi går og går, utan at kanten kjem noko nærmare. Men til slutt er vi ute ved kanten, og no manglar det ikkje på tidtrøyte. Etter den første kikken over kanten (5-600 meter ned i sjøen) blir eg nokså fokusert på å halde meg godt innafor.

På toppen tar vi oss ein halvtime, i vindstille ver utan ei sky på himmelen. Emnet «å gå ut på Gygrekjeften» blir nemnt, men vi blir fort einige om at det er det berre galningar som gjer. Då skulle eg i alle fall vore sikra med kjetting. Men tøft er det.

Heimturen blir lang. Totalt ni timar har vi brukt når vi kjem ned til bilen. Då tok vi oss rett nok svært god tid og lange pausar, men likevel.  Turen fortener faktisk å bli klassifisert som like tung som Honndalsrokken.

Bilder frå turen finn du her:

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *