Fjelltur for danskar

Bilde773Med over 60 2000-meterstoppar i Luster å velje i, deriblant Fannaraaken, Dyrhaugstindane, Ringstingdane, Soleibotntindane og Skagastølstindane, valde Tor Bremer at vi skulle gå på Molden (1116 moh.) – Er det den finaste fjellturen i Luster? spurte eg. – Det er i alle fall den mest populære, sa Tor. Og det kan eg faktisk forstå.

Eg trur han er litt av eit A-menneske, han der Bremer. – Skal me satsa på å rekka toppen til soloppgangen? skreiv han til meg på SMS ein laurdags kveld. (Sola stod opp klokka 07.26 i dag, altså måtte me ha gått klokka 05.26, og eg måtte ha stått opp klokka 03.00. Eg skal innrømme at det var ikkje så veldig lysten på.) – Då heller solnedgangen, svarte eg. Men han ville på Sogndal-kamp, så det vart avreise klokka elleve.

– Når du er blitt så gamal som meg, så er den gode samtalen det viktigaste for ein fin tur, sa Tor.

– Det er ikkje utan grunn at ein snakkar om «tankegang», sa han og. – For ein tenker godt når ein går. Og det gjorde vi. Om kosthald (mat er godt), livet på Stortinget (for lite tid saman med kona, ungane, vener og veljarar), kaffien si betydning for likestillinga (veldig stor), tendensen til felles væremåtar  i enkelte bygder,  kva skog som er best å gå i (gamal, glissen furuskog), reindrift og reinstammar, stølane si betydning for historieforståinga,  det er no det eg kjem på i farten. Han har greie på mykje rart, han der Bremer, du.

Stien var god, formen bedre enn nokon gong, og plutseleg var me komne til Svarthiller, ein trimpost ca. 800 moh, eller halvvegs til toppen.  (Me begynte på ein parkeringsplass ca. 500 moh.)

Alt no begynte eg å fatte kva utsikt denne turen byr på. Urnes låg for føtene våre, omgitt av ein glitrande fjord.

Halvvegs til toppen. Utsikta skulle bli andå bedre. Då kan du tenke deg...

Halvvegs til toppen. Utsikta skulle bli endå bedre. Då kan du tenke deg...

Nokre minuttar med harde kliv opp ei kneik, så var vi inne på topp-platået, og no begynte vardane å dukke opp. Folk som går på Molden bygger vardar, det er tydeleg. Det må være over hundre av dei, strødd utover platået på toppen.  Tor møter på ein veljar som han vekslar nokre hyggelege ord med, det gjer han faktisk med alle vi møter, og dei er det mange av. Oppunder førti menneske traff me på vegen. 

At Molden er eit populært turmål ser du på stien. Ein så oppgått sti har eg berre sett mellom hyttene på dei lettaste partia på Hardangervidda. Tor fortel at trafikken her oppe er stor, både av fastbuande og turistar som kjem hit. Utsikta, spesielt innover Lustrafjorden, er formidabel, og eg blir ikkje overraska når Tor kan fortelje at dette motivet har vore brukt veldig mykje i reiselivs-samanheng.

Molden er ein av dei finaste turane eg har vore på så langt. I alle fall viss ein reknar ut frå brøken fjell-oppleving delt på anstrengelse. For fjell-opplevinga er stor (om ikkje i klasse med Rokken og Gjegnen), og fjellet er lettgått og snilt. Farlege passasjar finst ikkje, her kan du sende slektningane dine frå Danmark på tur, om du vil. Sjølv vurderer eg faktisk å gjere akkurat det.

Bilder frå turen finn du her:

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *