Kommentarer til: Human jakt på Kongshaug http://blogg.nrk.no/den_lange_vegen_mot_toppen/2010/09/23/human-jakt-pa-kongshaug/ Just another NRK-blogger site Tue, 08 Feb 2011 07:49:01 +0000 hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Av: John Sigurd Nygard http://blogg.nrk.no/den_lange_vegen_mot_toppen/2010/09/23/human-jakt-pa-kongshaug/#comment-324 Thu, 23 Sep 2010 15:20:36 +0000 http://blogg.nrk.no/den_lange_vegen_mot_toppen/?p=414#comment-324 Det er eit flott område og gå på tur i der bileta er ifrå denne gongen. Gjekk ein tur gjennom Vangsnesmarki i august 2003. Starta frå Fosse i Vik og tusla oppover grusvegen om Tenoldslii – Nysel – Varpe til Skorge. Så var det berre og traska på stiar nordover forbi Nyastøl – Kongsvatnet med Kongslii – forbi på austsida av Kongshaug – Kallbakkstølen – Kleivadalen – Høgretjørni – Gostøl til Trona-feltet oppføre Vangsnes, siste stykket på grusveg. Det meste av turen går i storvaksen fjellskog, men ved Kallbakk er det ope og fritt, med utsyn mot fleire brear på nordsida av Sognefjorden, samt staselege fjell i Vik, Balestrand og Leikanger, og innover fjorden mot Jotunheimen.

]]>