Turfakta Holsnipa

Korte fakta om turen finn du her:

Høgd: 1139 moh.

Start: Skogsveg opp til høgre like etter «traktorlasteplassen» på veg inn til Følling (som er den første grenda, inn til høgre, på veg opp Eldalsdalen). Følg skogsvegen heilt til slutt, slå så inn på god, tydelig sti til Espesetstølen. Derfrå kan du gå fleire vegar til Holsnipa, enklast (viss ikkje der er snø), er å halde rett fram opp røysa rett vest for stølen (nærast Viksdalsvatnet) og så gå opp den midterste (og breiaste) skorta av dei du ser 3-400 m rett fram når du er komen opp røysa. Ingen vanskelege stader, men litt småsteinsur. Hugs å merke deg kor du kom opp skorta (det står ein liten varde der), ellers kan du velje feil skorte og havne i vanskar når du skal ned att. 

Høgdeskilnad: 969 m.

Tid: 3,5 timar opp, 2,5 timar ned (sprek tjukkas-standard)

Generelt: Lang, men fin og relativt enkel tur.

Utsikt nedover Viksdalen frå Holsnipa.

Utsikt nedover Viksdalen frå Holsnipa.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Turfakta Holsnipa

  1. jostein sier:

    Flott at du tok turen til Holtsnipa, fant deg no triveleg turfølge, men utsikta «nedover Viksdalen» blir ikkje heilt rett… iallefall ikkje for ein som er oppvoksen på «Sørlea». Ventar spent på neste tur.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *