Eit brutalt fjell

– Honndalsrokken! svarte Bjørn Lødemel kontant då eg ba han ta meg med på eit fjell i Hornindal. Det fjellet er han så glad i at han ga kona si ein guida tur dit i sølvbryllupspresang.  Men det vart ein litt mislukka presang:

Bjørn Lødemel viser veg

Bjørn Lødemel viser veg

– Då vi kom opp var det skodde, og vi såg ingen ting. Så det vart no ein litt dårleg presang. Men ho fekk no noko anna og. Men vi må tidleg av garde, så det er nok best om du overnattar her oppe, sa Bjørn. Og det var ein genial ide.

For dermed fekk eg sitje to timar i kveldssola på Honndalsrokken Turistsenter og camping og sjå sola gå ned over fjellet eg skulle opp på neste dag.  Eg skal innrømme at eg vart ganske urolig av synet. For det er eit brutalt fjell. Det er 300 meter høgare enn Kvamshesten, som er min målestokk for store fjell, og det er styggbratt, kvasst og spisst. – Er det i det heile tatt plass til meg oppe på den piggen der? tenkte eg.

Klokka ni hadde eg fått pressa ned fire rugbrødskiver, to koppar kaffi, ein halv liter vatn og eitt kokt egg.  Drivstoff må til.  Så kom Bjørn, og så bar det avgarde.

– Turen kan delast i tre delar, fortalde Bjørn mens vi tok dei første hundre høgdemetrane på ein lettgått anleggsveg:

– Ein time inn dalen på denne anleggsvegen, så tek det ein time opp veggen, og så ein time i litt flatare terreng rundt på baksida og opp til toppen. Det siste stykket er ganske luftig, lo han. Her er det to ord vi må merke oss: Veggen, og luftig. Dette er ord som ber i seg dei same ting som ordet spektakulært.  Det finst andre ord som i grunnen betyr det same: Det er ord som blytungt, skremmande, svimlande, stygt, slike ting. Eg begynner å skjønne dette no.

Turen inn dalen fungerte fint som ei grundig oppvarming til det som må være ein styrkeprøve, uansett kor godt trent du er: Opp veggen. I billedgalleriet ser du eit bilde av Bjørn framfor veggen. Midt på bildet ser du ei rås som ligg delvis i skugge, og som går meir eller mindre rett opp veggen. Der gjekk vi.

– Første gong eg såg folk som kom ned den råsa, tenkte eg at dei måtte være galne. At det kanskje var nokre fjellklatrarar som var på veg ned att. Men når du går der, oppdagar du at det er ikkje så ille. Du er aldri i livsfare. Du kan dette kor som helst, utan at det er fare på ferde, meinte Bjørn.

Noja. Det skal eg nesten skrive under på. Det er ein fem-seks knep her og der, der det er litt vanskeleg å komme seg opp. Det aller verste får du heilt nederst i bakken. Der begynte eg rett og slett å lure på om eg måtte snu. Men eg fekk no kravla meg opp, og så tok vi bakken sakte, men sikkert. Det er det som er kunsten.

– Så snart vi kjem over kanten, begynner belønninga, sa Bjørn. Han sa mange slike ting, etter kvart som eg begynte å slite. Turen på Gjegnen sat i kroppen framleis, og eg må seie det gjekk tungt.

Men det hadde han rett i. Frå toppen av veggen gjekk vi skrått og bedageleg på ei steinrøys, rundt heile Rokken og inn på baksida. Denne steinrøysa var forresten ei skattkiste for ein smykkestein-samlar. Ein gong, når eg kjem i litt bedre form, skal eg ta med meg ein geologhammar og ein ryggsekk og samle smykkestein-emne for eit heilt liv.

Så var vi komne rundt, og plutseleg låg det berre kammen inn mot toppen att. Og luftig, det er eit heilt riktig ord. På høgre sida er ryggen hogd rett ned, 800 meter rett utfor. På venstre sida ligg røysa så stupbratt at det er ikkje til å tenkje på å gå ned der. Men sjølve ryggen er mellom fem og femten meter brei, så du treng aldri eigentleg utsette deg for høge stup og livsfare. Ikkje før du kjem heilt på toppen. Eg har aldri vore på ein tind før, og min første tanke var at det var veldig trangt der. Det er faktisk ikkje plass for to menneske å passere kvarandre ved varden. Varden står heilt utpå stupet, og det måtte han vel gjere. Hadde han ikkje gjort det, hadde det ikkje vore plass å stå der oppe. Såpass er det. Her ser du video frå toppen: Trangt på toppen

Men no skal eg seie noko, som eg sa til Bjørn, og som er litt pinlig å seie, og som folk sikkert kjem til å humre litt av og erte meg for, men det får berre vere, for det er sånn det er:  Når du har klatra opp ein så bratt vegg, og du har gått innover ein så luftig kam, og du står på ein sånn tind, du kjenner du ein så rå, macho, stålhard stolthet, du kjenner deg så tvers igjennom beintøff, at det held heile vegen heim og langt inn i neste dag. I vekevis, har eg ei kjensle av. Kom ikkje her, for eg har vore på Honndalsrokken!

 

Bilder frå turen finn du her:

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

6 kommentarer til Eit brutalt fjell

  1. Turid og Leiv sier:

    Du e tøffe Ole Johannes. Stå på.Flotte bilder.

  2. Turid og Leiv sier:

    Du er tøffe Ole Johannes. Flotte bilder. STÅ PÅ.

  3. Ikkje så tøff som dykk. Den middagen på Gjegnabu kjem eg nok aldri til å gløyme. Ikkje noko av turen, faktisk. Kan eg legge ut linken med bilda til Leiv? Han går meg jo ein høg gang i foto-kunsten…

  4. Turid sier:

    Ja det var flotte bilder så det er berre å legge dei ut.Vi kjeme heller ikkje til å gløyme denne turen faktisk.

  5. Turid og Leiv sier:

    Ja det var mange flotte bilder, så berre legg dei ut. Vi kjem nok heller ikkje til å gløyme denne turen.

  6. teknekten sier:

    Herleg luftig. 🙂 Ser fram til fleire filmsnuttar og turskildringar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *