God trim

Kven seier at ikkje trim kan kombinerast med matauk? I går for eg på trimtur og kom heim att med fanget fullt av delikatessar…

I gang igjen onsdag. Var litt støl mandag og tirsdag etter Gaularfjellrittet, men i onsdag tok eg og ein kamerat turen rundt Hestad (21,5 km) igjen. Brukte 56 minutt, rolig tur, puls 135 – 150.  Etterpå fekk vi det for oss at vi skulle gå ein sopptur. Vi begynte med 100 høgdemeter opp ein skogsveg (kjende sykkeløkta godt i beina då) , og så begynte vi oppover eit langt, gammalt granfelt. I skogbotnen sto dei gule delikatessane i små klynger, og alltid ti meter lenger oppe. Til slutt kom eg på at langt oppe i skogen meinte eg å ha høyrt at nokon hadde komt over eit kjempekantarellfelt ein gong, så vi kjempa oss oppover ganske bratt bakke med djupt, tungt, søkkvått gras.

Godsaker...

Godsaker...

 Herleg å kjenne at sjølv etter halvanna time mosjon greidde eg å dra på oppover bakken.

Og heim kom vi, med kvar sin pose, tilsaman kanskje ein kilo kantarellar. No skal dei få tørke eit par dagar på ein handduk, og lørdag tenkjer eg det skal bli biff med kantarellstuing…

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *