Nye mål: På alle fjell

NRK-sjefane har innvilga mitt største ønske: Å gå på dei finaste fjella i Sogn og Fjordane – i arbeidstida!!!! No kan DU være med å bestemme kor turen skal gå:

Gaularfjellrittet er historie, men «puss-opp-Ole Johannes-prosjektet» fortset.  Eg veit at skal eg motivere meg for trening kvar einaste dag, må eg ha eit skikkelig tøft mål, og det har eg sett meg:

Eg skal gå på det finaste fjellet i kvar einaste kommune i Sogn og Fjordane. Ikkje nødvendigvis det høgaste, men det finaste. Men kva for fjell er det? Har du eit forslag? Legg det inn i kommentarfeltet. Eg vil gjerne og ha med meg ein kjentmann eller to frå kommunen, som kan vise meg vegen. Kom gjerne med forslag til slike og.  Det skal bli reportasjar på radio, billedgalleri på nettet, og sjølvsagt grundige beskrivelsar her på bloggen.

Første turen skal gå på torsdag eller fredag – i arbeidstida! Har eg den finaste jobben i heile verden? Eg trur det.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

49 kommentarer til Nye mål: På alle fjell

  1. Bjørn Breilid sier:

    I Gloppen må du på Ryssdalshornet!
    God tur!

  2. Jonas sier:

    I Vågsøy foreslår eg Gamleveien opp til Kvalheim og videre på Traneberget
    http://www.vivest.no/panorama_tranberget.html

  3. Per Hilleren sier:

    I Sogndal har eg to forslag til tur.
    A: Turen går til Tylderinge vidare til, Svartavatne, Hunsvatne,Halsavatene og Nuken med avslutning på Åsen. Eg skal ta på meg kjentmannsrolla.

    Tur B: Ture går frå Kvamshagen i Sogndalsdalen om Grøssete og vidare til Torstanakken, Her vil eg gjerne ha med Jarle Årvoll som kjentmann.

  4. Hilde sier:

    Fantastisk jobb du har! Å kjempevanskeleg å velge fjell! Men som Viksdalspatriot.. så må du… og Børstebråten, gå på Holtsnipa. Flott utsikt over Vika, nedover vatnet og Hestadfjorden. Start på Tormodset, bratt oppstigning, og så kan du gå ned att til Fyling. Uansett…God tur! Gler meg til bloggen;)

  5. Sigrunn Fortun sier:

    I luster må du ta turn fra Turtagrø til Fanaråken Ein fantastisk tur. Du aldri vil gløyma.
    Fanaråken ligg 2069 over havet.

  6. Roald Juklestad sier:

    I Jølster vil eg at du skal gå på Tindefjellet. Det er merka sti frå garden Årset, føl vegen opp til Bøafeltet, Vassenden

  7. Kva med at du får endå litt lenger fri, også er utfordringa at du skal opp på det høgste punktet i kvar kommune i sogn og fjordane inna eit år eller nåke sånt.

    Men ellers burde du fått med deg Store Skagastølstind, Hornelen, Honndalsrokken Gjegnen i bremanger/gloppen. alden og haukånipa. då har du dei toppane i fylket som har absolutt best utsikt i goveir.

    God Tur og Lukke til
    Mvh
    Håvard Fjellfant

  8. Sigrid Gjelsvik sier:

    I Naustdal må du gå på Blånipa (1121 moh.), frå skytebana ved Ramsdalsheia. Eller så må du ta ein lengre tur: Frå Kleppstølen over Smådalsnipa, Blåfjellet og Krunene, og gå ned i Angedalen. Flott og overkommeleg.

  9. Jon sier:

    I Stryn må du gå på Storskredfjellet ( 1814 moh ) Du kan gå opp frå Meland og gå over til Tjugen i Loen. Lukke til

  10. Terje V sier:

    Tilbodet om tur på Geitebotsfjellet (1354m) høgste toppen i Gaular står ved lag. Då kan vi legge turen om der det tyske flyet frå 1942 ligg.

  11. Laila sier:

    Ser at ein annan frå Gloppen har foreslått Ryssdalshornet, det er ein ganske krevjande tur med mange høgdemeter (godt og vel 1100) som du skal velge deg ein finversdag for å gå. Men fenomenalt flott når du først har kommet deg opp!
    Eg kan i tillegg anbefale Eggenipa med start frå Eggestøylen. Ein fantastisk flott tur som (om du ikkje er redd for høgder)slett ikkje er så krevjande som den ser ut. Krev også finver, syns no eg!
    Så kan du også gå min «kjappturfavoritt»: Haugsvarden med start frå Tystadstøylen. Då er du raskt opp over tregrensa og har fenomenal utsikt ut Nordfjorden nesten frå første skritt! Ååå her er mykje å velge av 🙂 God tur!

  12. Anna sier:

    Mitt forslag er å gå på de høgaste fjellet i alle kommunene i Sogn og Fjordane. Da har du et mål for de neste månadene. God tur!

  13. Wilhelm Tangerud sier:

    Den største utfordringa i Sogn og Fjordane er heilt klar Store Skagastølstind. Det er det høgaste alpine fjellet i Noreg som må klatrast. Minimun 12 timar opp og ned og ei luftig oppleving. Ikkje vanskleg klatring men utfordrande. Jostein Flo klarte ikkje å bestiga toppen, eg har tru på deg 🙂

  14. Kristoffer Melheim sier:

    Eg ser Fanaråken er førslegen i Luster. Det fjellet ligg i ein utkant av kommunen. Molden ligg derimot midt i kommunen med utsyn over store delar av kommunen. Du kan få ein tung tur med start i Marifjøra, eller ein lettare med start på Mollandsmarki, og du må ha nokre lette turar også. Kanskje den 90 år gamle Lars Sie enno greier turen, han har gått den turen i over 80 år.

  15. Thomas Karlsen sier:

    Kvamsfjellet, eller Høgehornet i Selje 🙂

  16. Jens Chr. Skrede sier:

    Hei og gratulerer med flott gjennomført sykkelritt. Eg inviterer deg med på Glittereggja, 1297 moh. Høgaste fjellet i Eid kommune, og garantert eit av dei som har flottast utsikt i heile fylket. Eg byr på guiding og mat undervegs.

  17. Jon Fossheim sier:

    Eit av dei finaste fjella i Jølster er Bolsetenipa.(1238m)Det er ein lett tur,med start frå Fossheim.Flott utsikt over breane våre,og bygdene rundt.God tur.!!!

  18. Tore Eide sier:

    Håsteinen i Flora kommune er bankers. Gå frå Høydalane eller Øvre Standal. Flott tur med himmelsk utsyn til hav og bre i 7-8 kommunar. I godt vær, vel og merke 🙂

  19. Mona sier:

    Jeg anbefaler Svarteggja i Eid kommune, en flott tur!

  20. Torunn sier:

    Sidan du ikkje nødvendigvis skal på dei høgaste toppane så kvifor ikkje gå på Venevassegga, der ser du laaaangt på ein fin dag, sju sokn tur eg. Lett og fin tur om du skal ha ein kort tur ein dag. Startpunkt Rørvikfjellet

  21. synnøve sier:

    Vindreken i Balestrand er eit fjell som er avbilda og måla av mange frå «heile verda»!! Dit må du sjølvsagt.

  22. Synnøve-2 sier:

    Fleire gode forslag frå Luster, her kjem enno eit! På slottet heng eit stort måleri av Myrhyrna i Jostedalen, målt av Flintoe. Fantastiak måleri og flott fjell. Med start frå Vanndalen er dette ein lett tur. Lukke til med fjelltrimmen!

  23. Geir Helge Østerbø sier:

    Ynskjer Ole Johannes velkommen til Høyanger kommune og til å gå i Dronninga sine fotspor til toppen av Åkrenipa. Ein flott topp på vel 600 moh der du ser langt rundt deg, ja du kan sjå heilt heim til Sunnfjord. Skal stille so kjentmann og lovar å lokke med ein bonde som er enno meir kjent, so skal vi nok fortelje litt om det som rører seg på sørsida av Høyanger kommune. Idreettslaget har 20 ulike trimpostar, og Åkrenipa er ein av dei. so Velkommen.

  24. Agnar G sier:

    Mange gode forslag her, ja. Men her er eit som manglar: Blegja i Askvoll kommune. I Store norske leksikon står det skrevet: Blegja – fjell i Askvoll, også skrive som Blægja, høgste fjell i Askvoll kommune, Sogn og Fjordane, på halvøya mellom Førdefjorden og Dalsfjorden. Blegja er bygd opp av harde devonske sediment, 1304 moh.

  25. Per Berge sier:

    Eg synest att O J skal ta seg ein tur på Bergsheia i Bygstad Der kan han starte med sjøen og få med seg Bygstad sentrum , den fine lia under Storehesten og den skogkledde stien frå Sæle til Skaret deretter dei fine berga opp til varden på Bergsheia. Med den form O J er i no vil han nok rekke og dra opp nokre kilos ørreter i Bergsvatnet før arbeidstida er slutt. God tur O J .

  26. jostein sier:

    Held ein knapp på Holtsnipa i Gaular, start som før sagt her på Tormodset, kan vere guide for deg.

  27. Sølvi S sier:

    Honndalsrokken!! MAGISK.

  28. Marta Kvikne sier:

    I Balestrand har me mange flotte fjell med fantastisk utsikt. Og det fine med fjella her er at dei vert brukte. Dersom ein føler seg aleine og forlatt ein dag, er det berre å ta på seg joggeskoa og ta seg ein tur ut etter fjellsida i ei av dei flotte skogsløypene våre, då treffer du alltid nokon å prata med. Eller ein vakker søndagsmorgon kan ein ta med seg frokosten opp til Orrabenken som er første stopp på vegen til Raudmelen. Der kan ein sitta, sjå ut over Sognefjorden, eller ned på Holmen og Bala og nyta livet. Og så kan ein gå vidare opp til Klukshaug (også kalla Dronning Wilhelminas lekeplass etter den nederlandske dronninga som var der). Nokre går opp der kvar dag, andre av og til, men alle gjer det for det er ein veldig kjekk tur og gå.
    Og for turistane som kjem til bygda, og ikkje er fjellvante, er dette ei fantastisk flott fjelloppleving.
    Så mi anbefaling i Balestrand er Orrabenken, Klukshaug og kanskje vidare til Raudmelen.

  29. Terje V sier:

    Det tyske flyet ved Geitebotsfjellet gikk ned 06.02.44 ikkje 42, beklager 🙂 Kilde : http://ktsorens.tihlde.org/flyvrak/axis-2.html

  30. Håvard sier:

    Når du vel og gå Store skagastølstind og andre toppar som krevst klatring/førar, bør du kontakte internasjonalt godkjende tindevegleiarar for maksimalt tryggheit og eksepsjonell guiding. Mine anbefalingar då er:
    Gjert Bakken Grødal, buset i Sogndal (lokalkjend i sognafjella og Hurrungane)du ser e-post adressa mi så berre send meg ein mail så kan eg sette deg i kontakt.
    Uansett skal du på det fagraste av alle fjell i fylket, så MÅ turen gå til Store Austanbotntind heilt vest i hurrungane. google bilete av fjellet og døm sjølv. Ikkje vanskeleg men eksponert.

    Lukke til

  31. Kjelloff sier:

    Eg håpar du ikkje prøver deg på Storen som den fyrste utfordringa. Ryssdalshodne (Ryssdalshornet)var det ein som nemde her. Den er passeleg test. Eller Eggenipa kanskje. Skåla er eit anna forslag.

    Så når formen og teknikken er på plass tek du turen opp på Storen. Det er opplevelse det!

    MVH
    Kjell G Offerdal

  32. Desiree sier:

    Ja, du har evnen til å få det som du vil. Ser fram til både dine turar og også å sjå ringverknadane av det du gjer. Det er vel ikkje til å stikke under ein stol at mange har blitt positivt påverka av innsatsen din hittil i år 🙂 Klem frå Systra

  33. Berit sier:

    MOLDEN e ein fantastisk tur!

  34. Einar sier:

    Ein tur opp på Alden er helder ingen dum ide !

  35. Moster Mukke sier:

    Himmelbjerget! – men så må du nok have iltmaske på toppen :0)

  36. Lisefaste sier:

    Svinestranda i Gloppen!! Om ikkje anna så berre på grunn av namnet – men turen er også veldig fin, du vert løfta høgt opp over verda!

  37. Sven Erik Lillehauge sier:

    Sidan du fortjener å lide litt, fåreslår eg Hornelen tidleg på våren, før all snø er forsvunne på flatene lengre oppe. Ellers så kan eg fåreslå Høyanger Måren. Høyanger – Balestrand, Eller bare en tur på Tussnipa. En fantastisk tur med flott utsikt. Eg kan til og med bli med, samt spandere ei pils ved enden. Dersom dette ikke er godt nok, får du henge med på jakta i Høyangerfjella på 1300 moh. der vi skyt kun det beste av vilt. Fri for eksos og sunnfjord luft. Lukka til!!!

  38. Leif Magne Vigdal sier:

    Melsnipa i Vetlefjorden.Startar på Menes endar på Langehaugen fremst i dalen. 10-12 timars tur 1554moh kjempetur. du er på fleire toppar på turen. Slutten av juni er det arrangert tur hvert år.

  39. Heidi Grande Røys sier:

    Sidan NRK allereie har vore på Veten, vil eg tilrå at du prøver deg på Hornelen. Vakkert!

  40. Arve Einar Sørland sier:

    Vil anbefale Hornet (719m)i Eid kommune .Har brukt denne toppen som utgangspunkt for å gå ned i vekt og komme i god form siste året.Utsikta på toppen må berre opplevast!!

  41. Magnar sier:

    Å, Ole Johannes trur du skal ta deg ein tur til Holsnipa. Her har du flott utsikt over Viksdalen og Hestadfjorden. Ja, heilt til Sande ser vi. Også Storehesten, Blegja og alle fjella i aust. Også panoramautsikt til Holmen i Viksdalsvatnet der du har hatt mange STORE opplevinga. Dessutan er sauesanking i desse områda nær førestande. Så det og kan du få med deg.

  42. Solveig R sier:

    I Aurland kommune må du ta turen til Tarven (1704) i Flåm. Frå den ser du mot Hårteigen i sør og Hurrungane i nord. Stort flottare utsikt er det vanskeleg å finna. Ta Flåmsbana til Reinunga og gå opp derifrå.

  43. Anne M G S sier:

    Blegja er nemnt som eit forslag og er eit flott fjell, men Dokka (756 m)i Holmedal er mitt forslag. Du blir belønna med ei nydeleg utsikt når du kjem fram på toppen. Start frå Vassverket i Holmedal og gå vegen mot Nyksvatnet, så sti sørover mot toppen. Du kan gå ranen mot Dokkenden nedatt og der ha utsikt over Holmedal og Dalsjorden nesten heile vegen! GOD TUR!!!

  44. Marie sier:

    GLoppen — Her vil eg anbefale Smylmedalsegga frå Eimhjellen, bra krevjande tur, og ei fantastisk utsikt når ein kjem opp.
    Elles er Nautskorklompen også ein fin plass i Hyen, her kan du sikkert få med Jakob Rønnekleiv som kjentmann… Litt lettare tur, og ei flott utsikt!! Lukke til

  45. OPPTUR-Anne sier:

    Flott mål! Eg foreslår at du besøker fjella med vidast og best utsikt i fylket. Og for å gjere det på «ein vitskapleg» måte, så må du gå på dei fjella med høgast p r i m æ r f a k t o r. Dei ligg spreidd rundt om i fylket. Primærfaktor er eit mål på kor høgt eit fjell stikk opp over terrenget rundt. Primærfaktoren til en fjelltopp er den minste høgdeskilnaden ein må gå ned for å kunne gå opp til eit høgare punkt enn den fjelltopp ein starta på. Det er 85 fjelltoppar i Noreg med primærfaktor på over 1000 meter, og sju av dei ligg i Sogn og Fjordane. Gjegnen er den med høgast primærfaktor her i fylket, og difor pr. definisjon den med best utsikt!

  46. Marie sier:

    Jammen er du heldig! Eg trur at hadde eg vore deg so ville eg gått litt utafor «allfarvei» og gått for opplevelsen. So kan kriteria vere f.eks rare namn… Nautskorklompen eller Smylmedalsegga i Hyen vil eg anbefale.

  47. Elin sier:

    Vikafjellet 🙂 Finaste fjellet. Har du sett Raudeberg? fjellet som lyser raudt når sola skin på det? Mange nydelege plassar i Stølsheimen. God tur.

  48. E.Lien utstumo sier:

    Eg har veldig lyst å anbefale Hornelen, Fanaråken og Blegja. Eg har aldri vore der, men ein gong skal eg prøve å komme dit. Dokka i Holmedal anbefales, der er fantastisk i fint vær, med utsikt utover i havet, innover, nordover og sørover.
    elu

  49. Grete sier:

    Forslag til fjellturer i vågsøy kommune: HANEKAMMEN med utsikt over måløy og raudeberg m.m. HESTEN/HESTETINDEN, vid utsikt rundt på alle kanter, ikkje spes tung tur men flott tur. SYNNEVAHORNET.
    God tur!!!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *