ENDELEG!!!!

MålstrekenKlokka 13.48 søndag 22. august 2010 nådde eg målet mitt: Eg passerte målstreken på Gaularfjellrittet. Det gjekk forunderleg lett:

Etter ei veke med magesjuke og trteningsfri var eg litt betenkt på korleis dette skulle gå. Alt før eg sette meg på sykkelen skjønte eg at dette var min dag: Vanlegvis, etter å ha fått på meg kleda, og romstert sykkel og sykkelsko på plass og alt det styret der, og eg slår på pulsmålaren, er spørsmålet alltid: Er pulsen over eller under 100? I dag var pulsen 81.

Målet frå Balestrand og dei 25 kilometrane inn til Vetlefjorden var å ligge på under puls 130. Pulsen låg jamnt mellom 107 og 111. Heilt utrulig. Kom til Vetlefjorden utan at det kosta meg nokon ting. Rett nok godt hjelpt av Sveinung the Butcherman, Arne Sykkeldoktor, Frank the Ambulanse Man, unge Simon og kona mi Bodil, min beste treningskamerat.

I bakkane frå Mel til første hårnålssvingen hadde eg på førehand bestemt meg for å gå til fots dersom pulsen kom over 160. Eg låg jamnt på mellom 145 og 150. Vart sittande på sykkelen heile bakkane. Frå første svingen og opp var det i grunnen berre å sitte og trekke trøene roleg rundt og passe på at pulsen ikkje kom over 150. Etter eit par hårreisande brutale bilpasseringar merka eg at eg tok ut sinnet på trøene, og plutseleg var komen opp i 160, men eg tok meg fort inn att.

Blir intervjua av Erlend i NRK (OBS blomster frå ordføraren). Kona mi Bodil (Pink Lady) strålar av glede.

Blir intervjua av Erlend i NRK (OBS blomster frå ordføraren). Kona mi Bodil (Pink Lady) strålar av glede.

På siste strekket inn til utsikten begynte krampa å nappe stygt etter baksida av låra mine. Det var akkurat som om det sat eit stygt, lite dyr nede ved navet og prøvde å feste merrabet på meg, men eg heldt det unna.  400 meter før mål heldt det på å gå heilt gale: Eg skulle sleppe forbi ein konkurranseløpar, tok litt overbalanse mot høgre, trakka til for å få att farten og styringa, tippa litt ut mot grøfta, og var stygt nær å sykle rett ut i ein bekk. Det var to meter ned i steinane. Eg fekk så sjokk at pulsen steig ti slag, og eg kjende adrenalinet klø i heile kroppen.  Det var rein doping, som sendte meg rett over målstreken.  Eg kom faktisk relativt frisk og opplagt i mål.

I målområdet sto vener og kjente og ordførar Jenny Følling med blomster, og døtrene mine og alle smilte og lo og klemte meg og det var så rørande at eg nesten måtte grine ein skvett.

Til kona mi og treningskameratane mine og Rolf og Olga og arbeidskameratane mine i NRK og Arne på Førde Sport og alle som har hjelpt meg og gitt meg oppmuntrande ord på vegen vil eg berre seie: Takk. Det blir ikkje gløymt. 

Til frekkasane i Førde Cykle Klubb som utfordra meg til dette vil eg berre seie: Tusen takk! Det har forandra livet mitt, og ikkje minst: Det kjem til å forandre resten av livet mitt. Eg har fått sjå kor godt og kjekt det er å være eit menneske som trenar jamnt, og ikkje minst: Eg har fått smaken på eit rusmiddel som eg trur aldri kan skade, og som eg trur aldri eg har fått nok av: Trening. For eit halvår eg har hatt! Og for nokre år som skal kome!

Men no skal eg ha meg ein burger 🙂

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

22 kommentarer til ENDELEG!!!!

  1. frank sier:

    Gratulerer, ta deg ein burger, velfortjent :-))

  2. Heidi V sier:

    Gratulerer! Kjekt å sjå deg komme over målstreken, og du såg slett ikkje utsliten ut 😉

  3. Magnar sier:

    Det er vel dårleg treningsopplegg å ta på sykkeljakka, shorts og joggesko. Så sykle 5 km på Osebua og ta seg ein Hamburger og så sykle heim att. Det på ein sykkel med dekk som har godt mønster slik som bilen skal ha. Rettnok har sykkelen 21 gir og støtdemparar framme.
    Eg spør ein ekspert om gode råd

  4. Jonas sier:

    Veldig bra.
    Eg er stolt over å få gratulerere deg på toppen
    Det var vert en opplevelse å følge deg fra dag 1, du skriver folkeleg og morosamt om dine opplevelser.

  5. Egil Michael sier:

    Gratulerer Ole Johannes. Du kan vere stolt no. Takkar for mykje artig lesing og at eg har fått følgje deg heile vegen.

  6. sylvia sier:

    Gratulerer så masse! Har følgt deg gjennom heile opptreningstiden. Mykje god og artig lesing.Lukke til videre.

  7. Sissel sier:

    Gratulerer, Ole Johannes! Du beskriv opplevelsane dine på ein måte som får meg til å blåse støv av sykkelen og begynne, eg òg 🙂 Sikkert til inspirasjon for mange fleire enn meg! Bra gjort!

  8. Dag S. sier:

    Hei, kjempebra Ole Johannes! Nå må du finne frem sekken og trene til jaktstart 10 sept.. 🙂

  9. May Anita sier:

    Gratulera so masse med fullført løp!! Eg har lese bloggen din heilt frå starten og er mektig imponert 🙂 Du har vore superflink!!

  10. Jo Inge Gåsvær sier:

    Heilt suverent Ole Johannes! Du har gjort ein kjempejobb! Gratulerer så mykje!

  11. Erlend sier:

    Gratulerer, Ole Johannes!
    Eg er mektig imponert! Du gjorde eit mykje større arbeid enn sannsynlegvis alle oss andre under rittet.
    Med 50 kg (pluss?) på bagasjen hadde eg aldri kome meg opp bakkane!

    Helsing Erlend, 73 kg.

  12. Anne-Berit Holmøy sier:

    GRATULERER OLE JOHANNES!
    Detta var tøft, lukke til vidare med trening og sykling.
    Til meir ein syklar til kjekkar vert det. Fortsett med det.

  13. Jorunn og Johannes sier:

    Gratulerer Ole Johannes!!!
    Dette var imponerande, du har gjort ein fantastisk jobb gjennom heile året for å klare å nå målet.

    Etter at Førde ck kom med utfordringa til deg, har det vore moro å følge med på bloggen om framgangen din.

    Tusen takk for flott innsats og lukke til vidare med satsinga på sykkelsporten, og so sjåast vi vel på neste års Gaularfjellritt.

    Helsing
    Jorunn og Johannes (rittleiar)

  14. Joar Sande sier:

    Gratulerer med vel utført jobb. Det har vore kjekt å følgje bloggen din, eg er imponert over vilje og innsats!

  15. Tone sier:

    Gratulerer! Du har vore kjempeflink- og målretta i lang, lang tid! klem fra tante Tone

  16. Desiree sier:

    Kjempestolt av deg storebror!!! Dette skulle både mamma og pappa sett, dei hadde ikkje vore nedpå på lange tider. Du er raus og deler av deg med oss andre, og vi gleder oss til å følge deg videre i dette herlige eventyret, enten det blir på den eine eller andre måten 🙂

  17. Kjetil Bj sier:

    Godt jobba!
    Då er det berre å halde formen vedlike, håpe på ein god og tidleg vinter, så ser vi deg lange ut i løypene på Langeland!

  18. Arne Hjelperytter sier:

    Dette vart jo rein plankekøyring! Utan punkteringar, utforkøyringar og mekaniske problem (og med utlagte drikke-depot), vart vår oppgåve som hjelperyttarar ei sann fryd:) Strålande gjennomført løp! Vesle-Simon og Arne frå Førde Sport

  19. Thorsten sier:

    Wow! You are the man, Ole Johannes. But remember: over the hills and far far away lives a Hesjedal who is even faster than you (on the bike). Just have a look: http://ryderhesjedal.ca/

  20. Rune Hesjedal sier:

    Gratttis! Hilsen R.Hesjedal

  21. Per Martin sier:

    WOW!

    Om din innsats og resultatet er det én ting å si: 110% RESPEKT!

    PS: Nå blir det vanskelig å holde følge med deg under støkkjakt på rypa høyt til fjells…

  22. Sven Erik Lillehauge sier:

    Godt jobba. Men eg savna slagstøvlane. Fast treningsopplegg er noko vi alle drøymer om, men det må opplevast før ein får det i blodet. Lett å sitte i sofaen å kommentere, men ikke like lett å igjennomføre. Gratulrer tjukken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *