Sjuk

Søndag skulle eg prøve å sykle opp Gaularfjellet, men våkna og følte meg skikkeleg sjuk. I dag har eg vore hos doktoren, og her kan du sjå beviset: Eg er ikkje frisk.

Beviset. Sjekk talet for CRP. Alt det andre skjøønar eg ingen ting av. Kanskje sit legar rundt om i fylket og ristar på hovudet no, for alt eg veit.

Beviset. Sjekk talet for CRP. Alt det andre skjønar eg ingen ting av. Kanskje sit legar rundt om i fylket og ristar på hovudet no, for alt eg veit.

– Har du drukke noko vatn du ikkje var heilt trygg på, spurte doktoren. Og då kom eg på det: Den krana på stranda i Blokhus. Det var to timar etter det at eg fekk første omgang i sommar med diare. Den første av mange, mange. Eg har ikkje vore heilt god i magen på tre veker, faktisk. Eg har skulda på mykje frukt og XL-1-pulver (som enkelte visstnok får laus mage av), men plutseleg kjem eg på at det var der det begynte.

Doktoren tok blodprøve, (og andre prøvar som eg ikkje vil snakke om ein gang), og det viser seg at eg har høgare CRP enn det som er vanleg. Friske menneske skal ligge under 8,0, eg har 15,3. Det er ikkje mykje for høgt, men det kan tyde på at eg har hatt ein infeksjon som eg no er over.  Slappheten kjem av langvarig diare, og skal visstnok kunne avhjelpast heilt med masse væske. Og magen skal bli betre med Biola.

– Eg trur du greier det, sa legen.

Vi får sjå.

Jo Inge har nedlagt treningsforbod inntil vidare.

Føler meg litt som Odd-Bjørn Hjelmeset no.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Sjuk

  1. Arne sykkeldoktor sier:

    Du har no ikkje fått is i rubben’ enno! Dette går bra! Ta det roleg fram mot rittet så går det nok over. Du har opparbeida eit solid grunnlag fram til no, så om magen er i orden, er du «fit for fight» på søndag morgon:)

  2. HildeH :) sier:

    GRATULERER !!!
    Du stod løpet ut! Har fulgt bloggen din og ventet i spenning på denne dagen 🙂

    Lurer på hva du finner på neste gang (eller noen finner på til deg?). Håper du fortsetter å blogge, til inspirasjon for oss som har en tendens til i sige ned i stolen med lap’en på fanget. -Men det kan man også gjøre…-etter man har trent!

    Lykke til videre!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *