Ullebø, ship ohoi!

Godkjensla er tilbake. Eg har funne den perfekte motbakkeintervall-bakken: Guddalsvegen frå Vadheim opp til Ullebø. No er eg i gang igjen!

Torsdag var eg framleis støl etter den idiotiske fjellturen mandag (sjå innlegget under), men no måtte noko skje. Berre ti dagar igjen til rittet, og eg hadde ikkje sykla på tre dagar. Men ville kroppen tåle ei intervall-økt, så sliten som eg framleis var?

– Varm grundig opp, og så ser du korleis du kjenner deg då, sa eldstedottra mi, som trenar mykje og er meir fornuftig enn eg nokon gong har vore.

Så det gjorde eg. Fekk med min ven Ole Morten, og så køyrte vi ned til Vadheim, parkerte ved Fjordstuen og sykla roleg inn Hovlandsdalen og fram igjen som oppvarming. Så køyrte vi opp til avkøyrsla til Guddalen, parkerte der, og sykla først ein liten rekognoseringtur seks minutt oppover i bakken. Jau, den var god og bratt. Eg har målt han med GPSen til 8,2 %, altså nesten ein halv prosent brattare enn hovudstrekket på Gaularfjellsvegen.  Så knuste vi i gang med intervalla.

Det vart ei merkeleg økt. Dei første to intervalla vart tyngre enn eg hadde trudd. På puls 160 fekk eg for lite pust, og det var tungt og vondt. På det tredje og fjerde var det som om halsen min opna seg litt, og på puls 160 kjende eg at eg fekk akkurat nok oksygen. Eg lurte faktisk på å ta to intervall til, men kom på at det var jo berre såvidt eg hadde kjent meg i form til å gjere dette i det heile tatt, så eg ga meg mens leiken var god, Så sykla vi oss roleg ned, ti minutt svært lett, og så drog vi heim.

Og leiken var god. Veldig god. Sat resten av kvelden i den gode, mjuke etter-ei-hard økt-rusen og såg kvelden bli til natt. Våkna i dag, og trur faktisk eg kunne kjenne ein kløe i musklane som eg trur må være restitusjon på gang. Kroppen var så full av godskjensle at eg ringte til Jo inge, og spurte om det var greitt at eg tok ei slik økt til i dag.

– NEI!, sa Jo Inge. Og no har eg lært meg å lyde. Så det blir ein rolig tur i dag (Rolig = puls 135 – 140, for dei som måtte lure på det) og i morgon, og søndag skal eg prøve å sykle heile rittet. Så får vi sjå.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *