Sånn går det

…når du ikkje høyrer på Jo Inge. Mandag gjorde eg noko utrulig dumt, som øydela treninga i dagevis framover:

– Lurar på å ta meg ein fjelltur i kveld, sa eg til Jo Inge.  – Njaaa, trur ikkje det er så lurt, no berre fjorten dagar før rittet, sa han. Han ville helst ha meg på sykkel, og berre det, no fram til Gaularfjellsrittet.

– Jammen, det er ikkje så mange høgdemeter, det er i grunnen berre ein rusletur, sa eg.  Og han sa ikkjje meir om det. Ikkje med munnen. Men faktene hans, ansiktsuttrykket hans, til og med augebryna hans, sa: – NEI! NEI! NEI!

Men brydde eg meg om det? – Litt variert trening kan no ikkje skade, tenkte eg. Så eg pakka sekken, ein skikkeleg svintung sekk. Eg er jo i så kjempegod form, så viss eg vil ha melk å drikke, så tek eg no berre det med? Og viss dottra mi vil ha brus? Sleng oppi. Boksemat? Jada. Poteter? Kom igjen. PC, så vi kan sjå film om kvelden? Sjølvsagt.

Så slengte eg sekkesvinet på ryggen og begynte å gå. Formen var på topp, eg peiste innover så hjertet hamra og svetten spruta. – Hei, hvor det går, tenkte eg, og kjørte på. I ein og ein halv time.  Legg merke til at einkvar tanke om rolig rusletur var som blåst ut av hovudet mitt. Så enkel er eg. Det er litt sjokkerande.

Neste morgon våkna eg. Det var ikkje bra. Kroppen var knust. For hjartet og lungene mine kan greie nokså tunge tak no, men å gå hardt på fjellet med tung sekk, det har ikkje muskulaturen min gjort sidan i mai. Og eg var støl og stiv og verkte i heile kroppen. Dette var tirsdag. Etter planen skulle eg sykle ein rolig langtur samme kvelden, og så 4 x 4 minutt motbakkeintervall onsdag kveld. Og det, det var det berre å gløyme. Eg tusla meg heimover så rolig eg kunne. Onsdag gjekk eg 4,2 km rolig, rolig på Fossestien, men onsdag kveld var eg fortsatt støl. Tre dagar trening rett ut vinduet fordi eg ikkje høyrte på sjefen.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *