165-ØKTER!!!!

Ja, no går det framover. For fire veker sidan greidde eg puls 157  i fireminutts-intervalla, tirsdag kjørte eg tre 4-minutts intervall på puls 165-167. Eg ligg for tida på Larkollen, heime hos svigermor. Østfold er ikkje kjent for sitt kuperte terreng, men eg har no funne ein brukbar bakke på sykkelstien mellom Rygge og Råde.

Tirsdag hadde eg målt opp ein slak motbakke på 2,7 kilometer, og der skulle eg trene fire-minutts intervall. Alt i oppvarminga kjente eg at noko var på gang. Vanlegvis har eg ikkje kunna sykle på meir enn puls 130 første halvtimen utan at melkesyra melder seg i låra. No oppdaga eg fleire gonger at eg var oppe i 140-145 utan nevneverdige plager.

Så drog eg i gang første intervall. Opna litt for hardt, og spratt opp i 162 i puls. Tenkte på å roe ned litt, men vart litt reven med i ein motbakke, og etter 1 min 30 sek var pulsen 165. – Jaja, tenkte eg, greier eg halvanna minutt på dette nivået, så greier eg kanskje fire og? Og det gjorde eg. Pusta så det svei i halsen, og peste så praten stilna bak hekkane der eg for forbi, men eg greidde det. Snudde og trilla tilbake. Vanlegvis startar eg ikkje neste intervall før pulsen er komen under 110, men no venta eg fleire minutt, og den ville ikkje under 114.

Nytt drag, rett opp i 165 denne gongen. Prøvde å presse over 167, men greidde det rett og slett ikkje. Etter denne økta fekk eg ikkje pulsen under 123. Sette i gang igjen, fire minutt på puls 165-167. No gjorde det vondt. Då det var ti sekund att, møtte eg eit eldre ektepar på sykkel, han femti meter føre ho. Han såg bekymra og sjokkert på meg, hadde vel høyrt pusten min lenge før han såg meg, stoppa, og ville gå av sykkelen, trudde vel eg heldt på å døy.

– Det går bra, sa eg. Berre det kosta meg eit par pustedrag som eg veldig gjerne skulle hatt. Idet klokka passert 3 minutt 59 sekund møtte eg kona, ho like bekymra.

– Eg er berre veldig sliten, sa eg. – Ja, det er tydelig, sa ho.   

Eg trilla til sykkelen stoppa, så la eg meg framover styret. Eit eldre ektepar som sto og plukka jordbær i ein åker like ved såg veldig bekymra på meg. Eg visste at dei berre sto og lurte på om dei måtte ringe etter ein ambulanse, men det tok likevel sikkert tjue sekund før eg greidde å løfte hovudet og seie at det går bra.

Og så sykla eg (svært, svært roleg) heim att.

Begrensinga i intervall-øktene har heile tida vore det nivået der eg kjenner at låra begynner å stivne av melkesyre. For fire veker sidan låg den grensa på 157, no greier eg fire minutt på 165-167. Etter fire veker med intervall-trening har eg altså flytta yte-nivået der kroppen min greier å forsyne muskulaturen med oksygen åtte til ti pulsslag oppover.

Noko kjem av at eg flyttar meir pust inn og ut av lungene, resten må komme av at lungene tek opp oksygen meir effektivt, og at blodårene forsyner kroppen meir effektivt med blod. Eg har snakka med Jo Inge, og han seier at det er dette ein kallar å komme i bedre form.  Herleg. (etterpå, altså).

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *