Nervar

Eg begynner å få nervar no. Det er berre ein månad att til Gaularfjellsrittet, og eg har ikkje sykla ein skikkelig motbakke på snart ein månad…

Men stranda har vore bra, den. Ser veldig klart no når eg er begynt på asfalt og racer igjen, at MTB-syklinga på stranda har veldig mykje det same som ein motbakke: Jevn, forutsigbar motstand heile tida.

Eg har tidlegare rekna ut at hovudstigninga på Gaularfjellet tilsvarer 13 Kjelstad-bakkar. 10-minutts intervalla på stranda tilsvarer nok heilt sikkert to Kjelstadbakkar på rad, kanskje meir. Eg har sykla fire intervall kvar økt, men skulle det knipe, skulle eg nok ha greidd fem, kanskje seks. Og då er vi oppe i 12 Kjelstadbakkar, altså nesten heile Gaularfjellet. Rett nok med to minutts kvile/ete/drikkepausar imellom kvart intervall, då. Men kven seier at eg må sitte på sykkelen heile vegen opp?

Så viss eg då tar turen frå Sværefjorden inn til Mel som ei rolig oppvarming, så kunne eg faktisk ha greidd turen alt no.  Og endå er det ein månad igjen til rittet, ein månad med tre veker fri frå jobben, og høve til å sykle fem timar kvar einaste dag. Og kanskje til og med ein kropp som toler så mykje. Kanskje det kan gå likevel, dette her.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Nervar

  1. Arne Runde sier:

    Det ser ut til at du ligg godt i rute ,OJ! Eg stiller som sagt som din personlege hjelperytter under rittet, og skal frakte all mental og kroppsleg næring du måtte trenge på vegen, slik at du får ein lettast mogeleg veg mot toppen:) Berre du ikkje kjem i så god form no at eg ikkje greier å henge på… Stao pao! Frå Arne og resten av heiagjengen på Førde Sport! PS: Kom innom med raceren din ein dag. Den treng nok litt fin-tuning no som den er «innkøyrd».

  2. Kjem att seint laurdag kveld og er klar for tur frå og med søndag litt ut på dagen. Ring, så tek vi oss ein tur. Ser fram til å få fintuna sykkelen litt og!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *