Strand-fresaren

Det næraste eg kom mosjon, var å hoppe opp og ned av begeistring.

Det næraste eg kom mosjon, var å hoppe opp og ned av begeistring.

Jada, eg har tatt ei veke fri, ettersom eg har vore på småbåtferie. 39 fot båt er stort, men stort nok til å mosjonere er det ikkje. Men no er eg i gang igjen:

Er i Danmark for tida, følgjer ei av døtrene mine på Dana Cup. Bur på Blokhus camping. I Blokhus leigde eg meg ein Mountain bike, og så la eg ut på stranda. Stranda på nordvestkysten av Danmark er opp til 200 meter brei, og du kan køyre bil mange mil nedover. Rundt avkjørslene til ein og annan landsby er det mykje folk, men så snart du kjem to-tre kilometer frå desse avkjørslene, er det bortimot aude.

stranda Eg peiste sørover med frisk bris rett imot, og det gjekk tungt. I kortare periodar var eg oppe i 20 km/t, men eg måtte stort sett ligge i 17 km/t. Etter halvanna time var eg komen 19,8 km sørover stranda. Eg kom langt, langt inn i det området der folk aldri kjem, der sola aldri skin, på ein måte. Det er der dei 250 kilos folka ligg, nudistane, dei som vil ligge med kvarandre i friluft, dei som røyker hasj, kort sagt: dei som ikkje vil vere saman med dei andre. ( Eg har med andre ord funne ein super plass å sykle. Kjedar meg aldri.) Det var ein av desse eg spurde om å ta dette bildet.  Eg kan seie såpass, at motivet ville blitt adskillig meir interessant om kameraet hadde vore snudd andre vegen.

Så snudde eg, og så begynte festen. Vinden blas bakfrå med ca. 40 km/t. Det veit eg, for då GPSen min viste 40, var det heilt vindstille. Eg kom opp i femti. I lange strekk. Med mountainbaike. Med knastedekk. På sand. Dei 4 harde intervalløktene sist veke har vore rein dynamitt.  Eg kom opp på sida av ein bil (dei må halde ei fartsgrense på 30), og fyren rulla ned vinduet og sa med eit smil at «du må være klar over at det er fartsgrense 30 her…»

– Den gjeld ikkje syklar, sa eg, og så la eg opp i høgste gir, reiste meg på trøene, og røska eg på alt eg hadde. Det var då eg kom opp i 50. Eg innser, når eg les dette, at folk må tenke at han der syns han er temmelig tøff. Og det var vel akkurat det eg tenkte. Dette begynner å bli moro.

Folk snudde seg etter meg då eg sykla gjennom byen på veg heim. Då eg skulle kle av meg, skjøna eg kvifor: Heile bakparten av sykkelen, samt heile ryggen, heilt opp til topppen av issen min, var nedspruta av sand. Eg må jo ha sett heilt vill ut. Og ganske tøff. Dette skal eg gjere oftare.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Strand-fresaren

  1. Tone sier:

    Artig innlegg – utruleg kva ein får sjå når ein ferdast utanfor alfarveg!Og så den farten heim at då! Stå på!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *