Sjølvtilliten veks

Eg fekk meg ein psykisk knekk då det gjekk opp for meg at Gaularfjellet = 13 Kjelstad-bakkar. Men fredag fekk eg trua tilbake.

Det har vore ei blanda veke. har sykla to gonger med to kameratar som syklar mountain bike, og som eg dermed knuser lett på flatene. Dei har faktisk problem med å halde følgje sjølv om eg drar. Og dcet er jo fint. Men så kjem vi inn i bakkane, og så dreg dei rett ifrå meg. Og det er jo motbakke eg skal sykle! Og det er der eg slit mest! Dette kan jo ikkje gå bra, har eg tenkt.

Vi knuste rekorden rundt hestad med 1 min 44 sek torsdag (53 min blank), men det seier seg nesten sjølv, når ein syklar tre mann «i rulle», det vil seie at vi skiftar på å dra, og dei to andre ligg i dragsuget og kviler. Det må gå fort, det.  

Fredag passte det ikkje å sykle saman med ei, så eg sykla åleine. Tok det veldig rolig i starten, ville ikkje sprenge meg i bakken som startar turen, drog på etter kvart. Klemte bra på på flatene oppover vatnet, og kom inn i Kjelstadbakken rimeleg varm og sveitt. Angreip den som eg pleier: VEEEELDIG rolig. Bakken er bratt, litt slakare, og så bratt igjen. Tok første tredjedel i 7 km/t, kom opp i 10-11 på det slakare partiet, og så tenkte eg at no skal eg sjå om eg greier å halde den farten opp den siste bratta og. OG EG HADDE MEIR Å GJE! Og det er aller første gang eg har greidd å sykle den bakken på noko meir enn det absolutte minimum som skal til for å komme opp. ‘

Trilla inn framfor døra heime på 52 blank. Eitt minutt bedre enn persen med kompisane, og det minuttet tok eg i Kjelstadbakken. Og det på ein dag som kjendest tung. Skulle du ha sett. Kanskje det kan gå likevel, dette her.

Har forresten flytta rekorden 2,45 den siste veka.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *