Kykkeliky, for ein dag!

Ved varden på Snøheia. f.v. Rose, meg, stefar min Trygve, og fruen.

Ved varden på Snøheia. f.v. Rose, meg, stefar min Trygve, og fruen.

Kan det skje noko finare ein helgedag, enn å stå opp tidleg, ete ein kraftig frokost, og så legge ut på fjelltur med eit hyggeleg følgje? Eg trur ikkje det.

Vi gjekk frå Fossvatnet klokka 1130, kom til varden på Snøheia kvart på to, gjekk ryggen vestover ned til Randifjellet, gjekk innom ei hytte og fekk oss ein kaffikopp, og var tilbake ved bilen klokka fem. fem timar effektiv gåing. På vegen ned att var eg to centimeter frå å trakke på noko, då eg plutseleg såg at det var noko levande: Ei rypemor. Ho låg lenge og såg på oss. Kameraet mitt gjev frå seg ein liten pipelyd når det fokuserer, og den vart for mykje for ho, så ho tok av og sette seg på ein stein tretti meter unna. Men eg fekk no bilete av reiret:

Ni egg. Om tre dagar er det ni kyllingar. Eg skal opp att og sjå korleis det går med dei.

Ni egg. Om tre dagar er det ni kyllingar. Eg skal opp att og sjå korleis det går med dei.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *