Bli med på tur!

Laurdag legg eg ut på mi treningsøkt nummer 100 sidan eg begynte i januar. Det hadde eg tenkt å feire med å invitere ALLE SOM HAR LYST, til å være med på tur.

Kanskje blir det sånn?

Kanskje blir det sånn?

Vi begynner med fruktsalat i hagen heime klokka eitt. Blir det regn, tek vi fruktsalaten i VM-studioet i kjellaren. Så syklar vi Sande – Eldalsosen tur retur klokka 1400 (ca. 50 km). Turen går langs nokre av dei vakraste partia i Gaular, på sørsida av Hestadvatnet, med Eikelandsfossen nærare enn enkelte synest er behageleg, og gjennom meir enn normalt idylliske jordbrukslandskap. Vi stoppar og tek ein tropedrink på Osebua (ta med femti kroner) ca 1500, og så er vi tilbake på Sande til ein alkoholfri forfriskning (heimelaga rips/kirsebærsaft) ca klokka 1630. Eg har eit oppdrag om kvelden, så samværet må være avslutta klokka 1800.

Har du ikkje sykla i eit stort felt før, er det ganske morsomt å prøve. Vi deler oss opp etter ambisjonar, dei som syns dei har mykje å gå på, kan jo utvide med eit drag opppover Eldalsdalen om dei vil.
 
Veldig kjekt om du har lyst å være med! Ta gjerne med deg nokon som har lyst på ein fin sykkeltur.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

4 kommentarer til Bli med på tur!

  1. Hadde eg berre hatt fri den dagen du, så skulle eg jammen ha tatt utfordringa:) Lykke til! Håpar du får med deg ein fin gjeng!

  2. Hallo og takk for sist!

    Ser du tek utfordringa seriøst og jobber målrettet. Lykke til videre!

    Kurt Asle

  3. Sogn Ck sier:

    Hei Ole Johannes!

    Du er med dette invitert til Lille Jotunheimen Rundt frå Lom-Sogndal (137km) laurdag 10.juli. Eit sykkelritt gjennom Noregs vakraste natur. Kurt Asle er invitert til den «store» Jotunheimen Rundt. 430 km. Noregs Tøffaste sykkelritt.
    Bli med, her er det viktig å prioritere…..:-)

  4. Takkar for det, men stigninga frå Lom til Sognefjellet blir nok litt for mykje for meg per i dag. Tenker også med gru på kva hastighetar eg kunne komt opp i frå Turtagrø og ned til Fortun. Eg ville nok blitt registrert som noko midt imellom UFO og paranormalt fenomen idet eg skaut som ein katapult ut av svingen ved utsikten rett over Fortun. Kanskje hadde eg berre kasta eit smutt på vatnet nede i dalen, før eg spratt vidare ned i Skjolden og utløyste ein tsunami som reinska fjellsidene ut til Ornes og Solvorn, og vinnaren av rittet ville blitt ein tilfeldig tyskar i robåt som surfa flodbølgja ut til Sogndal. det er eit tenkbart scenario. nei, på den tid ligg eg i danmark på ferie og trenar styrketråkk (8-10 min økter med to minutt pause til eg stuper. Og så får vi møtast i Sværefjorden 22. august.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *