Tung tur

Gjekk heimanfrå (75 moh.) til Fløyen (fjellet rett bak huset vårt, 660 moh.) i dag. Med andre ord 585 høgdemeter. Trudde det skulle gå som ein leik etter all gåinga i Frankrike, men det vart knallhardt.

Turen er ein samanhengande motbakke. Dei første 15 minutta er det moderat motbakke, så begynner ei ganske hard bratte som berre blir verre og verre, heilt til 5/6 av turen er unnagjort. Der heiter det Moltemyra, og derifrå er det moderat motbakke på snaufjell og lyng inn til toppen. Siste stykket før det tider er det til tider så bratt at du må halde deg i trestammane. Eg sa til ei ganske tynn og veltrent dame som var på besøk her i fjor at ho måtte halde litt igjen, ellers kom ho til å sprenge seg før toppen. Då ho var komt opp til Moltemyra, var ho så ferdig at ho heldt på å kaste opp, og bestemte seg for å bryte. Etter ti minutt klarna synet såpass at ho såg at det burde vere mogeleg å greie resten av turen, og ho brukte totalt ein time og ti minutt.

Neste dag brukte ho femti minutt. Så her er det så bratt at ein må gå litt lurt.

Så til min ekspedisjon i dag: Opp til Skagestølskrysset gjekk eg på 29 minutt, tidlegare rekord har vore 30 minutt, og då gjekk ikkje turen lenger enn dit. No heldt eg att, for eg visste at det tøffaste gjensto.

Derifrå vil eg seie eg gjekk heilt oppunder makspuls heilt opp til Moltemyra, som var nådd på 1 t 9 minutt. Altså maks press i nesten 40 minutt. Skal innrømme at mot slutten måtte eg ta pustepausar relativt tett, og på Moltemyra måtte eg ta ein ti minutts pause. Gjekk inn til toppen på totalt 1 t 30 minutt. Var litt skuffa over den tida, men i ettermiddag har eg tenkt godt etter, og den tid eg trente til å komme inn på befalsskulen (hvilket eg ikkje gjorde pga. synet, og like greitt var kanskje det), gjekk eg det aldri fortare enn 1 t 40 minutt. Så eg går no fortare enn eg gjorde då eg var 18 år.

Eg har vore litt betenkt på å fortelle om den tida, for eg veit at det er folk her i bygda som vil smile av den. Men dei kan no lesse seg opp til dei veg 125 kilo, og så legge i vei oppover, så tenker eg fliren skal tørke fort vekk.  Så vekt er ein betydeleg del av likninga. Det er ikkje til å komme frå, det. Får kjøre på med fisk og grønnsaker, det er ikkje verre.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

3 kommentarer til Tung tur

  1. Frank sier:

    godt jobba, skal opp der i ettermiddag, men aktar ikkje å gå på tid 🙂

  2. Per Anders sier:

    Dette går berre ein vei. Oppover!

  3. Per Anders sier:

    Hadde vore interessant å høre kva du tenker på når du er demotivert og skal motivere deg for å kome deg ut og trene.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *