Framme

I dag gjekk eg eit par kilometer ut av Moissac, for å finne staden der dette bildet vart teke, 7. mai i fjor. I dag var eg tilbake der, ringen er slutta, eg har gått (så godt som) heile den franske ruta.

Slik såg eg ut for eitt år sidan

Slik såg eg ut for eitt år sidan

Den siste 24 dagane har eg gått 350 kilometer, eit snitt på ca. 15 km per dag. Sekken har vege 14,5 kilo, i tillegg kjem minst ein liter vatn, samt av og til mat for to dagar framover.  Så og seie kvar einaste dag har eg gått lange motbakkar som dreiv pulsen rett i maks. Eg vil tru at eg har mista ti kilo feitt, og lagt på meg fem kilo musklar. Slik kjennes det i alle fall. Kva gjeld kondisjonen, merkar eg at det kostar meg etter kvart svært lite å ligge og presse oppunder makspuls i motbakkane. Det er ikkje lenger ein ubehagelig tilstand, det er berre ein tilstand. Det skal bli artig å komme heim og sjå kor lang tid eg brukar rundt Hestadvatnet no…

...og slik ser eg ut no. Mellom desse bilda ligg det hundre treningsøkter, ein heil fransk camino og eit fjell av havregryn, rugbrød, fisk og grønsaker.

...og slik ser eg ut no. Mellom desse bilda ligg det hundre treningsøkter, ein heil fransk camino og eit fjell av havregryn, rugbrød, fisk og grønsaker.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

8 kommentarer til Framme

  1. Jo sier:

    Gratulerer med vel gjennomført camino, nyvunnen kondis og ny fasong, jf bileta – står respekt av den innsatsen! Hestadfjorden ligg og ventar – Vær velkomen heim.

  2. Jo Inge Gåsvær sier:

    Gratulerer så mykje! Då er det berre å gjere klar raceren, no skal det syklast!

  3. Desiree sier:

    Gratulerer!!! Er kjempestolt av deg, og tusen takk for at eg fekk besøke deg. Varme klemmer fra lisjesystra.

  4. Marta Kvikne sier:

    Som tidlegare camino-vandrar (frå O´Cebreiro til Santiago, usle 180 km) har eg lese bloggen din med stor glede og aldri så lite mimring til vår tur. Det er ei oppleving fleire bør få med seg, om ein går i Frankrike eller Spania, heile eller deler av ruta.
    Gratulerer med vel gjennomført vandring, og tusen takk for at du har delt opplevingane dine med oss!

  5. Ivar Hanestad sier:

    Hei OJ. Jeg sitter i Manila og leser om dine bragder. kjempetøft!!! Er på vei hjem til Bergen og Tone om noen timer. Har vært her i 2.5 uker. Tone har vært med meg store deler av tiden. Resultatet av din innsats er meget tydelig og imponerende. Ivar

  6. Gratulerer Ole Johannes! Inspirerande å følge både turen og målsettinga!

  7. Aurora Øvretveit sier:

    Eg er kjempestolt av deg pappa, og gledar meg utrulig mykje til du kjem heim! 🙂

  8. Andreas Ravnestad sier:

    Imponerande framgong på berre eitt år!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *