Ei jord der blomster gror

Det er ganske sterk kost, etter å ha lese boka «Veien» av Cormack McCarthy, å rusle over ei spill levande jordskorpe dag etter dag.

Stopp ein augneblenk og tenk over kor heldig du er:

Du skal ikkje meir enn tusen meter under jordskorpa, så er det så varmt at det er umogeleg for levande liv å opphalde seg der. Du skal ikkje meir enn seks-sju kilometer opp i lufta før lufta er for tynn til at noko kan leve over lengre tid. Og utover det har menneska leita milliardar av kilometer ut i verdsrommet, utan å finne det minste teikn til levande liv. På denne tynne folien mellom to ulevelighetar har det altså skjedd det eineståande mirakel at det vart mogeleg for liv å leve. Og ikkje berre leve: millionar av artar, av plantar, dyr, fuglar, fisk, insekt, krabber og skjel. Legg så til at av alle desse artane, så vart du tilfeldigvis eit individ av den høgastståande arten i dette mylderet, eit menneske. Og ikkje berre det, men du vart fødd i det rikaste landet på heile denne planeten, som har eit hol i Nordsjøen som det sprutar pengar ut av, så du og alle dine er sikra mat og utdanning og tak over hovudet, same kven du er.

Og spør du meg om kva meininga med ein så fantastisk gjevnad som livet vårt er, så er i alle fall svaret mitt: Bruk det. Bruk det til å oppleve så mykje som mogeleg av dette fantastiske fenomenet, sjå fuglane som svermar over byane i skumringa, sjå rådyra som beitar i engene, sjå fiskane som glitrar i elvane, sjå plantane som slynger seg grøne og frodige om kvarandre, sjå alt det rare og fantastiske som menneska har bygd og funne på. Og skal du gjere det, og få med deg maksimalt av kva som skjer rundt deg, då er det berre ein måte å gjere det på, og det er til fots.

Det er berre då ein plutseleg kan stoppe opp, og bli ståande og syge til seg ei stemning så vakker som denne:  Vårmorgon i Sør-Frankrike

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Ei jord der blomster gror

  1. Nesten eit snitt av religiøsitet over dette Ole Johannes! Ja det er mykje å gle seg og undre seg over, just do it!

  2. Tone Hesjedal sier:

    Likte godt avslutninga di, at for å få med seg det vakre og frodige så må ein gjere det til fots.
    Og så må eg legge til: utan musikk eller radio på øyret! F.eks på snutten din frå Sør-Frankrike; kven kan høyre fuglesongen om de har øreproppar?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *