Eit rotehus og ein ekteskapeleg krangel

Når kona mi seier til meg at «No må du jammen ta og rydde litt på kjøkkenet», so skal eg ta fram dette bildet. Eg må køyre det i full størrelse, så du får med deg alle detaljar, trykk på Les resten av dette innlegget, eller kva det står, so skal du få sjå det mest rotete kjøkkenet eg i mitt liv har sett.

På benken til høgre for meg sto det eit fjell av oppvask som må skrive seg frå bortimot ei veke tilbake, bak meg låg det eit fjell av klevask, som må være heile familien sine klede for omlag ein månad, rommet var på sikkert seksti kvadratmeter og var herbergs-vertsfamilien sitt opphaldsrom. Det skal og seiast at i eit hjørne sat ektemannen og nirøykte og prata med fleire kameratar på skype, mens kona stønna rundt med stablar av klevask og mat og sengetøy, mens mannen gjorde nøyaktig ingen ting. Ho kjefta på han så det kunne høyrast på utsida av huset, og han skreik tilbake så du kunne høyre det i neste bygd. Ei stund syntes eg det var litt ubehageleg, men så begynte eg å sjå på det som ein kriminalfilm, der spørsmålet var om han kom til å drepe henne, eller ho kom til å drepe han.

Om kvelden vart det klart at han såg det som si oppgåve å drikke med gjestane, og då spesielt den underskjønne negressa som var der på ein romantisk overnattingstur med kjærasten sin (som i sin tur aldri kjem til å ta med ei vakker kvinne til den plassen igjen) , så neste morgon (vi snakkar om 0600) var det berre eg og frua der. Då passte eg på å seie at det var ein veldig fin plass ho hadde her, og at maten i går var veldig god, og at eg visste at det var ho som hadde laga han, og at det var no tydeleg kven som dreiv denne staden. Det vart ho veldig glad for. Ho begynte til og med å forklare at mannen var veldig sliten etter eit kjempeselskap dei hadde hatt i helga.

Men det finst inga unnskulding for å sitte inne og røyke i timevis, når sola skin (passe varmt) og hagen din ser ut som eit takras, og kona di held på å begynne å grine av arbeidspress. Det meiner no eg. Han var ein udugeleg døgenikt, og hadde ho drepe han, så trur eg eg hadde gått i garasjen for å finne fram ein spade å grave han ned med.

Her flyt det. På dette kjøkenet vart maten eg åt laga, og eg vart ikkje sjuk. Nemleg.

Her flyt det. På dette kjøkenet vart maten eg åt laga, og eg vart ikkje sjuk. Nemleg.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *