Sjølvsentrert? Eg?

Ein blir ganske sjølvsentrert av å all denne trenings- og kostholdsfikseringa. EG blir i alle fall det. Vil du lese meir om det, så trykk på «Les resten av dette innlegget»  rett under denne setningen.  

 EG bruker ganske mykje tid kvar dag på å tenke på korleis EG har det. EG skulle ynskje EG kunne seie at EG begynte å tenke på det idet EG står opp om morgonen.  Men EG begynner å tenkje på det lenge, lenge før det. Sånn i fire-fem-tida om morgonen vaknar EG og begynner å kjenne på ryggen min, som held på å stivne.  Så blir EG liggande og halvdøse og småvakne fram til i sjutida, og EG kjenner korleis ryggen blir stivare og stivare. Av og til kjenner EG at EG har funne ei bra stilling, og då tenkjer EG litt på det, kor godt EG har det akkurat då.

Så står EG opp. Det å komme seg opp i oppreist stilling synest EG er ganske smertefullt. EG er litt lur, så kleda mine har EG lagt fram på enden av senga, så EG slepp å begynne å bøye meg ned og inn i skuffer og skap så tidleg på dag.  EG dusjar berre om kvelden. For om morgonen er eg så stiv at EG greier ikkje å vaske føtene mine. EG går ned og set på kaffitraktaren. Mens denn renn gjennom, set EG rumpa mot kjøkenbenken og begynner å bøye ryggen litt framover, og opp igjen. Aller helst vil EG berre legge innpå ein dobbel pris snus og ta meg ein kopp med kaffi med honning i, og så kanskje ein to-tre slike rundar til.

Men EG må ete frokost. EG har ikkje lyst på, men viss EG gjer det, så set EG  i gang forbrenninga, og så blir EG svolten att i ellevetida, og så har vi det gåande, med sunne, passelig store og passelig hyppige måltid utover dagen. Ikkje den der drikke-kaffi-med-melk-og-honning-heile-dagen-og-så-lesse-innpå-ein-kilo-karbonader-og-poteter-og-steikt-løk-sånn-i-titida-greia, neinei, det skal bli den der hyppige, sunne måltider-greia som gjer at vekta mi kryp sakte men sikkert nedover. Så EG kokar meg litt havregraut,  for det greier EG å få ned, og så drikk EG svart kaffi til.  Og det er greit. Men EG kan ikkje seie at EG nyt det.

Så køyrer EG til jobben. På veg dit tenker EG enten på at EG skal trene i dag, eller kvifor EG ikkje får tid til å trene i dag, kvifor EG har vondt i ryggen, om smertene i beina er slik at EG greier ein sykkeltur i dag, eller om EG kanskje skal gå ein liten fjelltur.  

Når EG då kjem på jobben og folk spør meg korleis det går, for det er no slikt ein spør om, så er dette stort sett dei tankane EG har i hovudet, så då er det no det EG snakkar om. Når EG no sit og les denne sutreleksa, så innser EG at enkelte lett kan få det feilaktige inntrykk at EG er litt sjølvoppteken. Eg er med på den. Men det er jo tross alt det einaste eg tenker på.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *