Sølvpilen flyg igjen

Sosial trening kan bety to ting:

Det eine er å lære folk å seie takk for maten, og korleis ein oppfører seg for at andre skal halde ut med ein.

Det andre er å sykle tandemsykkel.

Fort seks år sidan kjøpte eg ein tandemsykkel. Den var sølvgrå, og av merket TREK. Fargen, og farten, gjorde at folk på Viksdalen ga den eit navn.

– Sjå dar, dar kjem Sølvpilen, sa dei gjerne, når eg nærma meg. Nokre fekk det med seg, andre ikkje. Det kom litt an på kor kjappe dei var i oppfattelsen. Dette fekk Lance Armstrong høyre om, og det syntes han var så kult at han gjekk hen og kjøpte seg ein TREK-sykkel, han og. Hermegåsa.

Men kan du ha det bedre, enn å trakke opp ein lang bakke, med ei vakker kvinne på setet bak deg, som pustar heitt og tungt i nakken din?

Teamwork på livets landevei

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *