A world of pain

–         You’re entering a world of pain, var det ein som sa på ein film eg såg ein gong. Eg trur kanskje Bruce Lee var involvert. Og det gjorde eg denne veka.

 Rota til mykje vondt

Rota til mykje vondt

Når ein såpass stor og tung mann som meg begynner å trene hardt dag etter dag, månad etter månad, då er det store krefter i rørsle. Og så lenge det går bra, så går det veldig bra. Men når det går gale, då går det skikkeleg gale.

Det blir som å trakke feil oppe i gangen i andre etasje heime: Du vrikkar ikkje berre foten; nei, du trakker ned i det øvste trinnet i trappa og går kast i kast og veggimellom nedover i trappa, før du landar på fjeset på steingolvet i første etasje.

 Det begynte med at eg var så støl etter turen på Hafstad-fjellet. Mandag og tirsdag kunne eg ikkje gå trappetrinn verken opp eller ned utan å ta meg for. Onsdag vakna eit beist eg trudde hadde sovna for godt: Podagraen. Urinsyregikt. Ein (m.a.) kjøt-og øl-fri diett har holdt meg fri for anfall i fire månader no, og i påska unte eg meg eit par utskeielsar på den fronten. Straffa kom kraftig og kontant. Utover dagen onsdag begynte det å verke slik i venstre ankel at eg måtte rett og slett gå heim frå jobben. Eg brukte 20 minutt frå NRK til Firda Billag.

Stappa meg med Ibux og rei det av. Sånn nokolunde. Fekk i alle fall kreka meg på jobben torsdag, så vi fekk begynt på Radio Røysi.

Så, utpå ettermiddagen, begynte det. Ryggsmerter. Eg sto saman med Rose (10) og laga middag, og hadde så vondt at eg berre stønna, og til slutt gjekk eg og la meg. Fann ei stilling som ikkje gjorde vondt, sovna ikkje, men låg slik i to timar. Då eg skulle stå opp av senga, gjorde det så vondt at eg vart kvalm. Gjekk ned i stova, prøvde å finne ei sittestilling som ikkje gjorde vondt, men det var umogeleg. Smertene var så store at eg vart fylt av ein slik uro at eg måtte opp og gå litt, sjølv om det kanskje gjorde meir vondt enn å sitte. Spesielt når eg la vekta på høgre foten, var det som om ein varm stein sto og dirra inni den høgre nyra mi.

Stein. Nyre. Nyrestein? Kunne det være det? Det skal jo være så vondt at du trur du skal daue. Aha. Det passar på meg. Det må det være. Kona mi køyrte meg til legevakta. På venterommet hadde eg så vondt at eg fekk lyst til å stille meg på alle fire og krype rundt på golvet.  

–         Du har ikkje nyrestein, sa doktoren, eg trur det er lumbago. Muskel-relatert.

Ein går med andre ord ikkje rundt, skakk og skeiv som Ringaren i Notre Dame i fire dagar, utan at det straffar seg. Når 130 kilo plutselig heng på ein muskel som vanlegvis berre løftar ei nyre og kanskje litt sideflesk, då blir den muskelen til slutt veldig hard og vond. Og det var det som hadde skjedd.

–         Ta to Paralgin Forte og sjå om ikkje det kjem seg, sa legen.

Og det gjorde det. Kraftig og, må eg seie. Så viss du syns radio Røysi på fredag vart litt ekstra tøysete, så fins det ei forklaring på det. Ei kjemisk forklaring.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *