Halvvegs til målet!

I dag, fredag den 26. mars 2010, viste badevekta mi 129,5 kilo. I utgangspunktet var eg 140 kilo. No har eg passert den magiske 130-kilos-streken, og er halvvegs til målet: Å komme inn på badevekta til dottra mi, som stoppar på 120. Og eg har ein hemmelighet… 250320101343

Eg har ikkje villa snakke om vekt og slikt før eg var komen dit eg er no. Eg synest det blir litt pinlig å høyre folk gi råd om slanking, som har gått ned 3-4 kilo og sånn. Men har du gått ned ti kilo, då kan du uttale deg med ei viss tyngde (!) om emnet.

Jamnleg mosjon og eit gjennomtenkt kosthald gjorde at dei første 7,5 kiloa raste av på ein månad. Men så stoppa det opp. Heilt opp. Eg gjekk og lurte på kva det var eg gjorde annleis. Kva var den siste, mystiske ingrediensen som gjorde at kiloa raste av, som eg no hadde gløymt? For ti dagar sidan kom eg på det. På mandag finn du det her på bloggen…

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Halvvegs til målet!

  1. Steinar Bråstad sier:

    Hei.
    Eit lite tips frå ein som har gått ned ca 20 kg. Prøv å reduser på inntaket av karbohydrat og sukker. erstatt poteta med blomkål og brokkoli, kutt ut pasta , ris og vanleg brød og.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *