RESULTATER!!!!!

Endeleg viser det litt igjen av slitet! Etter 38 treningsøkter på 63 dagar var det tid for test.

Eg hadde ein strekk i låret etter eit litt ugjennomtenkt innhopp som keeper på ei småjentetrening, men det gjekk greit dei første 15 minuttaner av testen. Då vi kom til det tyngste nivået måtte eg berre gje meg pga. smerter. Men pytt, fasit er uansett at på det jevne låg pulsen min 10 slag under det han har gjort tidlegare.

Eg fekk mail frå Jo Inge, teksten kjem her:

Vurdering i samband med treninga så langt og test

 Her fekk vi endeleg fanga opp den gode forbedringa du har kjent sjølv. Du kjem fortsatt ut på eit berekna maksimalt oksygenopptak som er karakterisert som ”svært lågt”. Men når eg samanliknar pulsverdiane dine direkte med førre gong finn eg ein framgang på om lag 10%. Og det er mykje på ein månad. Mest sannsynleg hadde du ein ”dårleg” testdag førre gong, slik at eg tippar betringa har komt meir gradvis enn det som kjem fram på testen.

 Når det gjeld treninga tykkjer eg du er tett oppunder eit skuledøme. Som vi snakka om under testinga blir det kanskje litt lite variasjon i intensiteten på det du gjer av aktivitet. Eg ønskjer at du prøver å gå minst ein tur i veka på ski som er lengre enn det du har gjort i det siste. Dvs. til dømes rundt Fauske. Men hugs at då skal intensiteten ver noko lågare enn når du fyk rundt Gjøset. Og vert det flaum i Sunnfjord framover no er det berre å ta fram sykkelen.

 jo

 

 

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *