Kona mi

Mandag 1. mars:

– Får du lov av kona di til å trene så mykje du vil? spør ein kollega.

– Ja, sjølvsagt, seier eg. Det handlar no om å behalde helsa?

– Trur du ikkje eg har prøvd den? seier han.

Og det går opp for meg at eg har noko som ikkje alle har, som faktisk er ein heilt avgjerande føresetnad for dette prosjektet: Ei forståelsesfull kone. Som aksepterer at det heng sveitte treningsklede til tørk her og der. Som har forståing for at eg legg avgarde ein lørdags formiddag utan å vaske huset først, for å gå på ski i tre timar.  Som synest det er kjekt å sjå, når eg kjem heim og er så sliten at eg ikkje orkar anna enn å sige ned i ein stol med ein liter saft. Som er heilt einig med meg, når eg seier at ein dag med trening, er ein dag lenger å leve. Og som ser ut til å glede seg til dei dagane. Eg er heldig, eg.

Trur ho må få ein blomst når eg har sykla opp Gaularfjellet. Eg finn sikkert noko i hagen.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *