Kvifor gjer eg dette?

Når folk slankar seg, blir det veldig mykje snakk om teknikk (kosthaldsråd, treningstips osv.), men nesten aldri om det som faktisk er det viktigaste: Motivasjon. Eg har gått bra ned i vekt (vil ikkje seie kor mykje før eg er halvvegs til målet), men det er berre ein bivirkning av det som er prosjektet: Å sykle Gaularfjellsrittet 2010.  Men kvifor vil eg det?

Først og fremst fordi eg har lyst til å leve. Eg får nok nokre år ekstra på denne måten.

Men også fordi skjemst litt, når eg ser bilda av meg sjølv i ei litt vel trang T-skjorte på ergometersykkelen.  Huff. Du treng ikkje nemne det, når vi møtes.

Fordi eg har lyst til å:

* prøve korleis det er å gjere det aller kjekkaste eg veit, nemlig å gå på rypejakt, og vege 30 kilo mindre enn eg gjorde. Flyge langs rindane, høgt der oppe, der det er berre meg og himmelen og ørna og rypene.

* kunne kjøpe klede i vanlege klesbutikkar.

* være ein vakker, ung mann. (Eg er ganske pen, under alt fettet) (og tida renn ut).

* gjere ein skikkeleg ekspedisjon a la Monsen. Kano på dei finske sjøane.  Kanskje på Yukon. Kanskje begge deler.

* gå fleire fotturar i Frankrike. 

* ikkje få fleire podagra-anfall.  

I det heile tatt kokar det ned til at eg ynskjer å ha krefter til å leve det livet eg ynskjer å leve, som rimer med det bildet eg eigentleg har av meg sjølv. Å bli ein bestefar som tek med seg ungane på fjellet og ligg i telt og fiskar aure som vi steiker på bål. Som reiser på overnatting i felt (vinter) og ligg ved glohaugen under nattehimmelen og viser ungane Andromeda og Pegasus og Cassiopeia.  Så langt har eg klart desse tinga på tross av at eg er såpass tung som eg er. Men no er eg snart 43 år, og eg kjenner (og ser, når eg ser på dei siste par åra) at alderen begynner å tynge, og at kreftene etter kvart ikkje strekk til. For du må være sterk for å klare desse tinga. Og du blir ikkje sterk av å være feit. Du har meir enn nok med å drasse rundt på ditt eige fett.  Du blir berre ein svak, dissande fettklump som sit i ein sofa og ser andre leve. På TV.  Og det vil eg helst utsetje så lenge som mogeleg.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *