Krateret på Gjøset

210220101302Det kan sjå ut som om nokon har droppa ei ku frå eit fly og ned i løypa, nederst i den brattaste bakken i Fauskestølsløypa. Sanninga er nok langt meir spektakulær enn som så.

Etter mange, lange, slake motbakkar frå Fauskestølen og innover mot Gjøset var eg klar for litt fart. Det sto eit skilt ved sidan av løypa. «Bratt bakke», sto det på skiltet.

Krateret kan sjåast midt på bildet

Krateret kan sjåast midt på bildet

– Eg kan no ploge litt, tenkte eg. Men det kunne eg ikkje. Det hadde laga seg ein liten voll av plogesnø i sporet, og plutselig vart skia mine berre pressa til å stå rett fram.  Eg skaut fart. Voldsom fart. Fartsvinden steig til eit brøl, men plutseleg vart det berre heilt stilt. Det er slikt som skjer når ein bryt lydmuren. Når du passerer 330 meter per sekund, dreg du frå din eigen lyd.  Munnen min opna seg, fjeset mitt vart vrengt bak i nakken, og eg skreik, men det kom ingen lyd. Nederst i bakken vart eg offer for kolossale sentrifugalkrefter, kompresjonen nærma seg antakeleg 4-5 G, og brått forsvann kroppen min ned mellom skia mine. Touch-down. Verda eksploderte i kvitt, og eg kom til meg sjølv langt nede i eit kvitt krater. Eg såg himmelen langt der oppe. Eg kom meg opp til slutt, utan synlege skader. Det var nesten litt skuffande.

No har dei køyrt over der med trakkemaskin, men krateret kan du sjå framleis.  Det ligg nok der til snøen går, det.  

 

Dei tullar ikkje.

Dei tullar ikkje.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Krateret på Gjøset

  1. Kristian sier:

    Haha!
    Du kan dette med ekstremskildring du Ole Johannes!
    Ser hele scenarioet for meg nå..

    God helg!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *