Testen: Nær-døden-oppleving

17. februar: Ein ambisiøs hobbytrimmar heldt rett og slett på å daue då han skulle vise Jo Inge Gåsvær, den personlige treningsrettleiaren sin, kor fantastisk sprek han var blitt. 

– Fy fader, det var slitsomt. Det er omttrent som å sjåp meg etter ein arbeidsdag i NRK Sogn og Fjordane, kommenterer Ole Johannes Øvretveit.

Dei stygge bildene av ein mann nær døden finn du her: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.7001750

Mailen han fekk frå Jo Inge kjem her:

Hei.

Når eg samanliknar pulsresultata dine med førre gong ser det ut til at du har ein svak framgang på sykkelstesten. Når det er sagt har vi tidlegare snakka om feilmarginane ved denne testen. Med 10-15% feilmargin kan vi så tidlig i treninga ikkje bastant påstå korkje det eine eller det andre. Difor meiner eg at vi skal legge meir vekt på at du føler at du kan gå raskare medan du held same verdi på Borg skala, at du føler at du klarar å presse deg hardare, og at du kan ta i tåspissane dine med strake bein!

I forhold til at du no er i ein ressursfase meiner eg du er på god veg i forhold til dei måla vi sette oss med denne treningsperioden. Og vi hadde to mål for perioden du er inne i; legge eit godt grunnlag med mengde med uthaldstrening, samt vektnedgang. Du har definitivt ei god mengde med trening inne no, og dette vil lønne seg når vi startar meir spesifikk sykkeltrening ut over våren. Og vektnedgangen din på fire veker tykkjer eg er veldig bra. Du er difor i rute!

Som avtala fortsetter du å trene på same måte den neste månaden, og så tek vi ei ny vurdering då.

jo

Han er no hyggeleg, då.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *