Kjørte seg tom på truger

Turtagrø, 10. februar: Ein trimmar frå Sunnfjord fekk seg ei stygg overrasking då han la i veg innover Sognefjellet på truger denne veka.

Trugene gjekk nemleg ikkje av seg sjølv, og det var slett ikkje så lett som ein kan få inntrykk av på TV-serien Monsen Across Canada.

– Det var omtrent som ein unge på 3-4 år klamra seg til kvar av føtene mine, uttalar ein noko utsleten Ole Johannes Øvretveit.

– Sokk djupt i gjorde eg og. 40 cm på det verste. Og så valt det snø inn på trugene og så måtte eg løfte den i tillegg til trugene. Det var ganske tungt. Eg prøvde å komme ned i noko som kunne kallast roleg tempo, men til slutt sto eg heilt i ro. Men at dette kan vere ein nyttig reiskap for godt trente menneske som skal ta seg fram i terreng som er så kronglete at fjellski ikkje duger, det er det nok ingen tvil om. Vi får sjå neste år. Eller året etter det igjen, seier ein gjennomsvett Ole Johannes Øvretveit, før han går inn til kald hytte, mjuk gulrot og eit knekkebrød. Eller kanskje det var ein durande vedovn, levande lys, raspeballar og tilbehør. Det var vel helst det. 

Langt å gå, ingen mat å få

Langt å gå, ingen mat å få

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *