Sprengt fettklump angrar

Mandag 25. januar:

Eg gjekk for hardt fredag. Det der skal eg ikkje gjere fleire gonger. Eg var så gåen at eg kom meg ikkje til att heile kvelden. Det er klart at når du føler at ryggen din held på å knekke, så burde det ringe ei klokke ein eller annan stad. Men eg høyrte ho vel ikkje for berre øyresus.

Eg kom for så vidt skadefri frå det, men det vart ei sånn kvie å dra opp att, at eg fekk ikkje gjort det før mandag ettermiddag. Då hadde eg bestemt meg for å gå roleg, i eit tempo som var slik at det var ein fornøyelse heile vegen.  Eit par gonger kjende eg ”astmapusten”, og då roa eg kraftig ned. Hadde eigentleg tenkt å gå ti km, men måtte rekke eit viktig møte klokka 1730, og fekk ikkje gått meir enn 8 km på 57 minutt. (Alle slike målingar gjer eg på GPS’en min.)

Interessant er det at tida på dei første fem km var 36,30, altså 30 sekund bedre enn tida ti dagar tidlegare (sjå kommentar 15. januar) på likt føre. Dessutan var det så hardt i siste unnabakken i femmaren at eg ploga ned heile bakken, og mista sikkert eit halvt minutt på at eg dermed ikkje sklei over heile flata på berre farten. Dette følte eg gjekk i eit rolig tempo, og likevel gjekk det altså fortare enn for ti dagar sidan, som eg då følte var tøft.

Kort sagt: Eg gjekk raskare, og følte at eg brukte mindre krefter.

Er det ei bedring i formen eg kjenner her?

Kjente etter økta at dette var ei god økt. Var sliten, men på ein god måte.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *