Møtte veggen

Fredag 29. januar:

Nyglida ski, ja vel. Supergli, jada. Men overskot? Krefter? Rann burt som i ein bekk, for å sitere Torsheim.  I kveld gjekk eg rundt Gjøsetstølen på 1 t 33 minutt. Og det var blytungt. Eg kom på i bilen på vei oppover (kl. 1730) at eg hadde ikkje ete sidan klokka tolv. Leita i bilen etter ein attgløymt sjokolade eller noko, men niks. Heldt koken greit inn til Gjøset, men då føltes det om om eg punkterte. Opp Gjøsetbakken (vel ein kilometer) gjekk det på luft og rein vilje. Alt for lite av det første, og akkurat nok av det andre.

I Kvinnefallet (to korte, bratte kneikar) måtte eg ned i regelrett snegletempo.

Og så den tida! Dette tilsvarer ei 5km-tid på 39 minutt, altså dårlegast sidan eg starta denne bloggen. Og det med nyglida ski. Dette var så ille at eg håpar det betyr at noko blir tilsvarande bra.291220091154

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

3 kommentarer til Møtte veggen

  1. Mona S Higraff sier:

    Heia, Ole Johannes!! HEIA, HEIA!! Dette klarer du!!!

  2. Per Anders Øvretveit sier:

    Det er inspirerande å lese bloggen din!

  3. Anders sier:

    Ja, dette var inspirerande. Og hugs, det er i oppoverbakka det går oppover.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *