Ole Johannes skal sykle Gaularfjellrittet 2010

Ole Johannes Øvretveit og Kurt Arvesen. Foto: Stig Roger Eide, Firda

Foto: Stig Roger Eide, Firda

Eg var programleiar på Sykkelens dag i regi av Førde Cykleklubb då Kurt Asle Arvesen bondefanga meg:

–  Til slutt har eg ein presang til Ole Johannes, sa han, og så tok han fram ei T-skjorte og synte til publikum. Det gjekk eit sus gjennom forsamlinga.

–  Kva er det for faenskap no, tenkte eg, og så snudde han skjorta mot meg:

–  EG SKAL SYKLE GAULARFJELLET OPP 2010, sto det.

–  Tek du utfordringa, sa Kurt Asle Arvesen.

–  Tjah, kvifor ikkje, tenkte eg. Det kan vel strengt tatt ikkje komme noko anna enn godt ut av det?

Når sant skal seiast, såg eg akkurat då for meg løypeprofilen fra Eldalsosen og opp. Der går vegen i platå, med flat mark (og pustepause) med jamne mellomrom på Følling, Eldalstunet, Oppedal, Gjermundstad, Hoffslåttene og ”dumpene” etter Langestølen. Først seinare fekk eg vite at rittet går frå Balestrand-sida. Og frå Mel og opp er det vel ikkje ein meter flatmark, det er rett opp, heile vegen. Det var vel då det gjekk opp for meg at her må det trenast jamnt og trutt, skal eg greie det.

Ved innveging rett etterpå gjekk det opp for meg at eg vog 140 kilo. Det er ganske mykje. Kva gjeld kondisen min, har eg med stadig større anstrengelsar greidd å komme meg på rypejakt om hausten, og eg har vore ganske fast gjest på Langeland skisenter. Men det går opp for meg at det var i forfjor eg gjekk Fauskestølen (21,7 km) og kom meg på Johannesberget (1446 m.o.h.), det var ikkje i fjor. I fjor kom eg meg ein gong rundt Gjøsetstølen(12 km), og det var det. Forfallet har sett inn. Og det er komt langt.

Det er sannsynlegvis livet det står om. Du ser ikkje så mange 140 kilos gubbar i sekstiåra. Dei dauar vel før det, reknar eg med. Og eg syns i grunnen det er fint å leve. Det er i alle fall å foretrekke. Eg vil helst gjere det så lenge som eg kan.

Så no skal det trenast. Og det gledar eg meg til. Eg likar å trene, eg. Eg likar å gå lange, seige motbakkar, og kjenne pusten blåse, og hjartet slå, og kjenne sveitten renne. Eg likar å komme kokheit til toppen av Kvinnefallet, og stå ned dei lange, slake bakkane ned mot langeland, med armane ut som jesus på korset, og kjenne brisen kjøle meg. Eg likar å sitje på toppen av Fløyen og sjå Hestane og Floren og Men det er så mykje anna ein må gjere. Og så går det ein dag, og så tenker du at i morgon, då skal eg få gjort det. Og neste dag, då er det trening med småjentelaget, og dagen etterpå er det noko anna som må gjerast, og plutseleg, utan at du merkar det, så er skisesongen glidd umerkeleg over i grillsesongen. Og ved hagebordet er det godt å sitje og sjå blomane i hagen vekse og gro.

Eg skal gjere det i år og. Eg skal  sitje ved hagebordet mitt og sjå dagen bli til kveld, og høyre kola knitre i grillen, og skylle ned marinerte svinekotelettar med kjellarkaldt øl. Men eg skal ikkje gjere det meir enn ein gong i veka. Og så skal eg trene først.

Så kan eg kanskje sitje der når eg blir pensjonist og.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *