Alt i ei bok! Det er berre så retro

Kva tenkte bokbransjen på i gamle dagar, det vil seie på 70-talet? Ei bok som hadde det heile og som varte i generasjonar? Det er eit like mislykka forretningskonsept som den raknefrie damestrømpen.

Dette er ei historie om kor mykje hjelp det går an å få i arbeidet med å halde ein kropp i stand innvendig og utvendig, med illustrerande og til dels forbløffande døme frå kroppslitteraturen.

Marta Norheim har ei gammal kokebok i bokhylla si der det både står korleis du skal koke fisk, bake brød og hermetisere plommer. No er det andre tider, skriv ho om her. (Foto: Martin Jahr/NRK)

Marta Norheim har ei gammal kokebok i bokhylla si der det både står korleis du skal koke fisk, bake brød og hermetisere plommer. No er det andre tider, skriv ho om segmenteringssyndromet. (Foto: Martin Jahr/NRK)

I bokhylla mi har eg ei gammal kokebok der det både står korleis du skal koke fisk, bake brød og hermetisere plommer. Bakerst i boka står det litt om kva for mat du kan lage til folk som lir av diverse sjukdommar og intoleransar.

Den ultimate lakriskokeboka
No er det andre tider. Kvart år kjem det eit berg av bøker med oppskrifter, ikkje berre på mat, men også på helse, kropp og tekstilar. Etter eit overflatedykk i dei nye forlagskatalogane vågar eg å påstå at segmenteringa når stadig nye høgder. For å starte i matfatet. Når eg no tek eit sveip gjennom kokebokhistoria etter minnet, er sjangeroppdelingar det første eg hugsar. Bakst i ei bok, kjøtrettar i ei anna. Så dukka det opp bøker med mat frå ulike land; Italia, Frankrike, etterkvart India og Thailand. Det norske kjøkenet vart kontinentalt, deretter globalt. Det viste seg at «Italiensk ostekake» som stod under bakverk i mors kokebok faktisk heitte «pizza» på originalspråket og etterkvart også på norsk. Fint å vite. Men no er vi langt forbi det.

Då eg tidlegare i år sa «hehe, lakriskokebok» til nokon kjenningar etter å ha oppdaga ei lakriskokebok for første gong, så fekk eg vite at lakris skulle ein ikkje kimse av. Nei eg kimsar ikkje av lakris, men ei heil bok?

Åh, så søt!
Søtsegmentet har ein eigen estetikk der det går i pastell og forkle som aldri har sett ein deigklatt. I år kan forlaga by på Søte gaver fra Idas kjøkken, Tone Orianis fristelser, Hele Norge baker, Kaker og andre søte saker, Helt enkelt baking, Det søte liv, United States of Cakes, titlar som byr seg fram på trygg avstand, ja mange sider unna dei sunne bøkene og slankebøkene. Damene som er utanpå kakebøkene treng uansett ikkje å slanke seg.

Påfallande mange kaker og søtsaker-bøker, når ein tenkjer på kor mykje slanking og kosthold som er på gang. Kanskje få folk til først å kjøpe kakebok og deretter slankebok?

Påfallande mange kaker og søtsaker-bøker, når ein tenkjer på kor mykje slanking og kosthold som er på gang. Kanskje få folk til først å kjøpe kakebok og deretter slankebok?

Boka Den velutstyrte mannen handlar naturlegvis om kjøkenutstyr stupid, men kanskje også om mat du kan lage etter å ha skaffa deg alt utstyret.

DIY for dummies
Så har vi dei gåtefulle: Spis & Lag. Sjarmerende enkle oppskrifter og lekre DIY-prosjekter.

DIY? Forkortinga blir ikkje forklart i forlagspresentasjonen, men forfattaren kan by på «enkle prosjekter som får ditt kjøkken og hjem til å se enda mer fantastisk ut». Eg kjenner at formuleringar som «enda mer fantastisk» er ein smule stressande.

Er det nokon som har bestemt at alle kjøken bør vere fantastiske? Og er dette så innlysande at eit forlag kan ta det for gitt at eg har følgt opp denne regelen?

Eller kva med: Molekylær gastronomi for alle. Finst det mat som ikkje er samansett av molekylar? Boka Den velutstyrte mannen handlar naturlegvis om kjøkenutstyr stupid, men kanskje også om mat du kan lage etter å ha skaffa deg alt utstyret.

"Den velutstyrte mannen" handlar naturlegvis om kjøkenutstyr stupid, men kanskje også om mat du kan lage etter å ha skaffa deg alt utstyret.

«Den velutstyrte mannen» handlar naturlegvis om kjøkenutstyr stupid, men kanskje også om mat du kan lage etter å ha skaffa deg alt utstyret.

Distinksjonen mellom grøt og graut
Sjangrane er framleis med oss: I fjor fekk vi komler i begge målformer, i år kan du velje mellom Graut og Grøt. Dessutan kan du no få hjelp til å lage Verdens beste pizza (forsøket på å lansere namnet «Italiensk ostekake» på 60-talet var definitivt mislykka) og suppekokarane får sitt i boka Supper. Norske suppefavoritter til hverdag og fest. Og ja, det er fleire kvardagsbøker og barnematbøker, dessutan kjendiskokebøker der både Jamie og Tina og Viestad og Bølgen og Moi og kokeboknykomlingen Anne-Kat Hærland er representert, og jammen er 90 årsjubilanten Ingrid Espelid Hovig heidra med ei kokebok med 90 oppskrifter, noko ho neppe har bruk for etter alle desse åra med koking på TV-skjerm og i bokform. Det er øl og mat, vin og mat, julemat og fotballmat, og med den siste er vi over på den sunne maten. Det er då det blir alvor.

12, 5:2 + – 8= slank
Her er bøker for dei som trenar og for dei som vil bli slanke, av typen «12 uker til et sunnere liv og en smalere midje», «HIT-metoden», «5:2-diettens kokebok», «Sunt og godt norsk», «Maks fettforbrenning på 8 uker», vidare «Tren smartere» og «Smart mamma» begge med råd om «trening, kosthold og livsstil». Det er to bøker om juice å velje mellom: «Bare juice det» og «Juicy familie». Dei har ikkje vore heilt heldige med ordspela i juice-segmentet i år.

Og så har vi bøkene for deg som vil ha sixpack i ein fei, eller som vil bli god til noko: Maraton. For deg som vil løpe helmaraton eller halvmaraton, Paolos treningsbibel, Best i håndball, Styrketrening. En anatomisk guide. For ikkje å gløyme innføringa i babygym.

Cupcakes og muffinsmagar
Blei det i overkant mange titlar her, synst du? Så vit at mange gode titlar er silt bort, og dei fyldige backlistene er ikkje nemnt i det heile. Men sidan det er snakk om kvantitet her, nyttar det ikkje å berre slå rundt seg med luftige påstandar.

Det er cupcakes og muffinsmagar og sixpack og ølbrygging og utstyr og styling og supper og lakris og segmenteringa sluttar ikkje her: For dei som også er opptekne av kva dei skal kle denne stakkars kroppen med, korleis ein best kan framheve six-packen, alternativt skjule muffinsmagen, finst det eit vell av strikkebøker, sybøker og heklebøker: det er ei bok for alt under sola, ei bok for tøflar og ei for sokkar, det er ei bok for luer og ei mengd bøker for baby, og om vi fjernar oss litt frå kroppen, får vi den muntre oppfordringa: Lag favorittfigurene fra Barne-TV, dessutan tilbod om å lære Raske sting, enkle broderier. Eg trudde elles at noko av poenget med broderi var at det skulle ta lang tid.

I fjor fekk vi komler i begge målformer, i år kan du velje mellom "Graut" og "Grøt".

I fjor fekk vi komler i begge målformer, i år kan du velje mellom «Graut» og «Grøt».

Frå tøffelbok til sokkebok
Kjære lesar. Alt eg veit om desse bøkene, har eg frå forlagskatalogane. Eg har ikkje lese ei av dei enno, og kvar einaste heklebok og kokebok og juicebok kan vere aldeles strålande, isolert sett.

Og eg forstår jo at viss du strikkar deg gjennom ei tøflebok så får du kanskje lyst til å gå over til sokkar etter ei viss tid. Så ballar det på seg med luer og favorittfigurar frå Barne-TV. Logikken er enkel: det blir selt fleire bøker på denne måten enn om ein køyrte etter den gamaldagse varianten der handarbeid er handarbeid, mat er mat og kroppen fekk vere i fred til han vart sjuk. Slik er det på tilbodssida, og på den andre sida må det finnast ein marknad for kvar og ei av desse bøkene, det må vere nokon som ser at nett denne boka er det eg treng for å kome på høgden. Alternativt, at denne nok vil skape glede eller dårleg samvet hjå storesøster når ho pakkar opp presangen på julaftan.

Alt du lurer på om biceps som du ikkje tør å spørje om
Her passar forlagas ønske om å finne stadig nye vriar som hand i hanske til ei av vår tids store diller, nemleg hangen til det individuelle, det skreddarsydde, det eksklusive og – det ekskluderande. Vi signaliserer kven vi er gjennom maten, kroppen, treninga, antrekket, aktivitetane og det fantastiske kjøkenet. Spørsmålet om kvifor vi gjer det, sprengjer denne drodlinga over segmenteringssyndromet, men spørsmålet det likevel går an å stille, er:

Kva skjer om 10 år? Vil vi få boktitlar som Alt du lurer på om biceps som du ikkje tør å spørje om, Mine beste gulrotoppskrifter og Eplejuice på 100 nye måtar? Personleg føler eg sterkt for titlar som Kokebok og Strikkebok. Men det er naturlegvis døden for forlaga og direkte tragisk som identitetsmarkør.

Dette innlegget ble publisert i Lesetips, Sakprosa, Trend og merket med , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenken.

9 kommentarer til Alt i ei bok! Det er berre så retro

  1. Evy Singstad sier:

    Utviklinga kjem nok berre til å fortsette. Eg er glad i å lage italiensk mat så eg har tre italienske kokebøker, men det er berre ei av dei eg bruker, det er den som er god for meg. Uansett så reflekterer forlagas behov for segmentering at folk har blitt meir ulike enn dei var før, m.a skuldast det informasjonsrevolusjonen og kompetansenivået i folket. Vi kan spesialisere oss. Eg driv med eit djupdykk i sokkestrikk og har to sokkestrikkebøker, den eine betre enn den andre for meg. I sommar endte eg opp i ein triveleg strikkesamtale i ein sjampanje – og jordbærfest av alle ting. Vi var fem damer, fire strikkesugne. Alle hadde latt strikket ligge heime, men strikkkeinteressa var vidt forskjellige. Vertinna strikka Marius-mønster-ting, totalt uaktuelt for meg. Ei strikka berre gensarar for ho liker flyten, det meditative over å strikke og helst ensfarga! Den tredje leita opp engelsk strikk på nettet og importerte både garn og pinnar og så var det meg som har lyst til å strikke nesten alle sokkane i sokkeboka til Bitta Mikkelborg.

  2. Iver Hoveid sier:

    sitter her på trappa, venter på a Marta 🙂

    • Marta Norheim sier:

      Takk for vaksenopplæring, Iver Hoveid! Eg har lese kommentarane og ser ikkje at det er noko som treng eit svar, men kanskje det er noko eg har gått glipp av?

  3. Iver Hoveid sier:

    Kjære Marta, det virker som du ikke har forstått poenget. Når du publiserer en blogg på nettet MÅ du være tilstede og svare umiddelbart,

  4. R. Mo sier:

    Det er bra at det finnes bøker om «alt», men også i kategorien «alt», publiseres det altfor mye. Det er forsåvidt OK, siden det gir noen en inntekt som de kanskje trenger. MEN, det er nesten umulig å orientere seg i mengden bøker som produseres (jeg er dessverre selv skyldig i å ha fylt markedet med bøker — som jeg dog ikke tjener meg rik på). Jeg kan ikke motstå fristelsen til å gå innom bokhandlere jeg kommer forbi, men finner færre og færre bøker jeg egentlig er interessert i. Jeg tror det ville være bra (for regnskogen i Brazil og leserne) om en ble litt mer kresen i utgivelsen av bøker. Det skrives mye om omslaget, som selger like mye som innholdet. Og pengene rår, så jeg vet jo at ikke noen forandring vil skje før vi får en økonomisk krise som gjøre at folk stort sett slutter å kjøpe bøker. Kvalitetsbøker overlever nok likevel — og papirbøker overlever nok selv lesebrettene.

  5. Eg har kun «Frå bollar til burritos» og internett til hjelp i matlaginga – og det fungerar ganske godt. Alle oppskrifter frå nettet som er gode nok fører hushaldet sjølv inn i ei grøn kokebok, med passande illustrasjonar.

  6. Iver Hoveid sier:

    Vettug kommentar, Marta Norheim.
    Mange av oss i våre vestlige, rike land har et stort behov for å fremstå som vellykkede, helst på alle, men i det minste på noen områder av livet. Hvis du ikke er blitt direktør eller har tjent noen millioner på børsen er det desto mer viktig å fremstå som vellykket på andre områder. For å oppnå det må man være trendy og samtidig individuell og spesiell, et vanskelig prosjekt. For å hjelpe oss har forlagene produsert en flom av «livsstilslitteratur». Jeg tror det begynte i De Forente Stater, trenden har utvilsomt også nådd Norge. Forlagene spekulerer i vår usikkerhet og vår trang til å fremstå som vellykkede, og behovet for å være spesiell resulterer i den fragmenteringen du beskriver.
    Jeg lider tildels selv av det samme syndromet, matlaging er en hobby, jeg har forlengst jobbet meg gjennom Gyldendal’s og Cappelen’s kokeboker, men kommer nå for tiden stadig tilbake til Julia Child og Arne Brimi.

  7. Tonje sier:

    Du glemte den beste av dem alle; boka om å hekle cupcakes!

    http://www.cappelendamm.no/main/Katalog.aspx?f=10133&isbn=9788202428938

  8. hobbykokk sier:

    Jeg har en hylle med kokebøker på kjøkkenet, og to pappesker med likt innhold på loftet. Likevel er det kun 1 bok som er i bruk, og den er til gjengjeld i bruk hver dag. Den heter Gyldendals store kokebok. Alt du trenger vite.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *