Den verste boka eg har lest

Det var i den tida eg gikk omkring og studerte i Bjørgvin. Eg skulle ta faget nordisk språk og litteratur ved UiB. På pensum stod klassikarar som Sjur Gabriel, Amtmandens døtre og Sult. Ei skikkeleg gladliste. Sult skulle bli den første boka eg las. Og den siste.

Gjesteblogger Ingrid Saltvik Faanes har mastergrad i teatervitskap. Det gir ho carte blanche til å drikke raudvin – sjølv på formiddagen. På ettermiddagen rosablogger ho om teater på Frontlosjen, gjerne med ein akademisk bismak.

Eg har alltid hatt høg leselyst, og såg fram til å lese ein norsk klassikar. Det skulle eg aldri ha gjort. Eg har aldri følt meg så jævlig som da eg las Sult.

Det kan hende at min livssituasjon minna litt om hovudkarakteren sin, berre i student anno 2009-versjon. Etter knappe ti sider svirra tankane mine i kring om eg i det heile hadde nokon plass å sove neste natt. Og kor skulle eg få mat frå? Når blir mitt neste varme måltid? Korleis skulle eg halde på varmen? Og kor skal eg få pengar til å betale for alt dette? Er det i det heile nokon som elskar meg der ute?

Eg vart stadig mindre og mindre, kroppen min la seg i fosterstilling på autopilot. Her måtte det drastiske tiltak til. Eg måtte legge frå meg boka, gøyme ho lengst innerst inne i klesskapet bak alle kleda eg aldri nyttar. Aller helst burde eg berre kasta boka ut vindauget, men eg unna ingen å finne den og få same lesekjensle som meg. Dette var det nærmaste eg nokon gong kjem å vere med i ein skrekkfilm.

Da eg låg i senga mi utan boka, kom eg snart på lysare tankar. Eg har jo ei relativt mjuk seng å sove i (billigste type frå IKEA), tak over hovudet (eitt ymse kollektiv som var alt for dyrt i forhold til prisen) og varm middag på bordet kvar dag (havregrynsgraut er betre enn ingen middag).

Sult innerst i skapet.

Men det verste var jo at eg måtte finne fram boka ved eitt seinare høve, eg måtte jo lese ho ferdig. Eg måtte legge ein plan. Eg skulle berre lese eitt vist tal sider for kvar gong. Eg skulle berre lese når sola skein (ganske realistisk plan med andre ord, sidan eg budde i Bergen). Eg skulle ikkje lese på tom mage og vere godt utkvilt, så skulle det nok gå bra. Det tok meg heile semesteret å komme meg gjennom.

Den verste boka eg har lest er Sult. Å lese denne boka skulle ikkje berre øydelegge for sjølvfølelsa, men og for karakterane mine og paranoiaen. Det endte med at eg ikkje turte å lese fleire av bøkene på pensumlista i frykt for å ende opp i same fosterstilling att. Det gikk så som så med karakterane den hausten og tanken på å fortsette på nordisk var en mørk, mørk tanke.

Ja, ein kan kanskje seie at Sult er den beste boka eg har lest, sidan den gav sånn inntrykk på meg, men frå og med no av held eg med til gladbøker som Liberace: Your Personal Fashion Consultant. Kvifor er det berre bøker med tragiske historier som havnar på slike pensumlister?

Dette innlegget ble publisert i Gjesteblogg, Humor, Klassiker, Skjønnlitteratur og merket med , . Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Den verste boka eg har lest

  1. Tilbaketråkk: Kryptisk melding | Frontlosjen

  2. Caroline sier:

    Kjenner meg veldig godt igjen i det du skriver her! Jeg leste «Sult» for et par år siden, som en del av min egen gjennompløyning av klassisk litteratur. Jeg skulle lese den, og jeg skulle verdsette den! Det er jo en klassiker må vite!
    Jeg kom meg da også gjennom den, i og med at jeg var fast bestemt på å ikke gi meg før den var lest. Men under gjennomlesningen vanket både utmattethet (med påfølgende power-naps på sofaen) og ekstrem frustrasjon på denne mannen som ikke bare kunne «ta seg sammen» og innse at han var fattig isteden for å gi vekk penger til «trengende» i hytt og gevær.
    Akk ja. Skal hvertfall ikke si at den ikke gjorde inntrykk!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *