Forsvar for biografien

Det har blitt sagt at romanen er den dominerande sjangeren i vår tid. Eg trur det er feil, det finst ein sjanger som no dankar ut romanen. Og då tenkjer eg ikkje på alle ”bli slank og sunn med  lågkarbo” – bøkene som toppar bestseljarlistene i desse dagar, sjølv om dei kunne vere vel verdt ein blogg dei også.

Nei, mine tankar går til biografien. Vi lever i ein biografisk tidsalder, eller meir presist: i ein biografiserande tidsalder.

Michel de Montaigne, mannen som
utforska seg sjølv då tida han levde i gjekk av skaftet.
Foto: Aschehoug forlag

I løpet av dei siste vekene har vi fått biografiar om ein død filosof, ein bohem i bunad, ein ung sjakkspelar og ein evig by. Spennet mellom Arne Næss, Hulda Garborg. Magnus Carlsen og Jerusalem er formidabelt. 2011 er også året der vi får minst to biografiar om Fridtjov Nansen, tredje bind av biografiane om Thor Heyerdahl og Bjørnstjerne Bjørnson, vidare kan vi lese bindsterke verk om Åge Aleksandersen, Wenche Foss, Ludvig 14. og Amalie Skram. For berre å nemne nokon få. Det lesande publikummet vil ha historier om levande, verkelege menneske, og om menneske som ein gong har levd.

Heltar på land og hav

Eller? Det er jo ikkje berre menneske som blir biografert: Jerusalem er allereie nemnt, og dette er ikkje første by med eigen biografi, tidlegare har London fått sin under den myndige tittelen: ”London. The Biography”. Nidarosdomen har nyleg blitt biografert, det har også den mindre kjende stavkyrkja i Eidsborg. For ikkje å gløyme våre vener dyra: Skipshunden Bamse var norsk krigshelt og den dramatiske biografien om denne krigshelten kom for ikkje lenge sidan, og dyrebiografiar er ikkje noko nytt, ikkje hundebiografiar heller: Allereie i 1933 skreiv Virgina Woolf om hunden Flush i boka ”Flush. En biografi”. Og så må vi ikkje gløyme torsken som er kollektivt biografert i boka ”Torsk. En biografi om fisken som endret verden”. Det er altså nok å ha eit liv som strekkjer seg over tid, anten det er bygningar, dyr, eller menneske. Kva er det med biografien som gjer at vi blir dregne mot hyllene der desse bøkene står oppstilt når vi er på biblioteket eller i bokhandelen? Det må i alle fall vere meir enn det opplagte begjæret etter god sladder, når ein ser på spekteret av biograferte objekt.

Det fine med dyrebiografiane er at dei er så positive. Ein ting er torsken, som jo er meir som ein næringsveg og ein matrett å rekne. Men dei meir individuelt skildra dyra er alltid gode skapningar som er til glede for menneske, og når dei gjer rampestrekar handlar dei i pakt med sin dyrenatur. Mange muntre dyrehistorier handlar om kollisjonen mellom dyrenaturen og den menneskelege sivilisasjonen, og sivilisasjonen er gjerne representert ved gardiner, golvteppe eller knuselege ting som dyret utfaldar sin natur på til sjokkblanda fryd for sivilisasjonens herre med frue og eventuelt barn. Det er neppe tilfeldig at biografien om hunden Flush er den lysaste og muntraste boka til Virginia Woolf.

Å snakke fint om seg sjølv

Det vanlegaste er likevel biografiar om menneske. Og ettersom menneskenaturen er meir kompleks enn dyrenaturen, og sidan sivilisasjonen krev meir av eit menneske enn berre at det skal handle i pakt med sin natur, så er desse biografiane meir vekslande, eg hadde nesten sagt- naturleg nok. Her har vi også eit stort spekter av katogoriar, men i hovudsak to: Bøker andre har skrive, og bøker folk skriv om seg sjølv. Det er blant dei sjølvbiografiske bøkene dei verkeleg store variasjonane finst. I den eine enden har du erindringar eller memoarar. Det er slikt mektige personar skriv etterpå, for å forklare seg og gjerne også forsvare seg. Memoarar blir til for å berge ettermælet, der kan vi lese kvifor det gjekk som det gjekk. Det går an å skrive bindsterke memoarar utan å kome på ein einaste personleg feil og utan å stå fram med noko som liknar på dårlege eigenskapar. Eg veit det, for eg har lese fleire slike.

Tendensen til å vere grei og overberande mot seg sjølv gjer at det ofte er fint å setje slike bøker opp mot kvarandre, eg ventar derfor med å lese Gunnar Berges memoarar frå i vår til Gerd Liv Valla snart kjem med sine. Denne krysslesinga mellom DNA og LO ventar eg meg ein del av.

Å vere kritisk til seg sjølv

I den andre enden av skalaen har du sjølvbiografien og i vår tid ikkje minst den sjølvbiografiske romanen. Der handlar det mindre om bragdene og meir om å granske dunkle motiv og mørke sider ved personlegdommen og det gjerne i stor detalj. Viss memoaren spør korfor det gjekk som det gjekk, stiller sjølvbiografien heller spørsmål som: Kven er eg? Og: Korleis vart eg slik? Det går an å spørje seg kva det er som får folk til å stå fram med slikt. Kan hende handlar det om ein særeigen kombinasjon av ekshibisjonisme og masochisme. Det kan også hende forfattarane har lært av den kulørte pressa at privat sladder er ein enkel veg til høge salstal.

Ei tid som har gått av skaftet

Eg har eit anna forslag, og stør meg her til noko den franske essayisten Michel de Montaigne skreiv for over 400 år sidan, i ein annan uroleg fase i historia, eg siterer:

”Hvis min sjel hadde kunnet finne fotfeste, ville jeg ikke prøvet meg ut, da ville jeg funnet ut av meg selv, men min sjel er alltid i lære og på prøve.”

Ein annan stad skriv han:

”Jeg tror denne skrivekløen er et symptom på en tid som har gått av skaftet. (…) Skrev romerne noen gang flittigere enn den gang riket var i ferd med å gå under?”

Tida hadde gått av skaftet, og Montaigne svarte med å isolere seg i skrivekammeret og granske seg sjølv. Ein diskutabel strategi, men så sit eg her fleire hundre år etter og tenkjer: korleis kan det ha seg at Montaigne veit så mykje om meg? Den gamle franskmannen veit svar på det også, han skriv: ”Hvert enkelt menneske bærer i seg hele menneskenaturens form.”

Biografiseringas tidsalder

”Hvert enkelt menneske bærer i seg hele menneskenaturens form.” Det kan ein sjølvsagt diskutere. Men det vi ser, er at mange i vår tid vil lese om andre folk. Kanskje det eine, spesifikke livet som faktisk blir levd fortonar seg som eit slags fast punkt i urolege tider, anten vi no vel hunden Bamse, Hulda, Karl Ove eller Patti Smith. Når alt flyt, når ideologiar og klimaprognosar, forståeleg og uforståeleg vondskap ropar mot oss på alle kanalar søkjer vi tilbake til det grunnleggjande: det finst andre individ som også har levd, eller som lever no. Korleis er det for dei? Om dette livet har vore levd i intens dialog med ei tid, om det har vore prega av eit stort livsverk, spennande eventyr eller om det rett og slett handlar om eit levd liv, ser ut til å spele mindre rolle. Og ideen om å forme også andre historier som historia om eit liv, syner at denne framstillingsmåten har ein styrke og ein overføringsverdi: Ein by eller ein sentral bygning kan også definerast som eit liv gjennom ei viss tid. Vi lever i biografiseringas tidsalder.

Frenetisk identitetsproduksjon

Og dette har mange sider, dei som lever deler av dagen framfor ein dataskjerm vil vite at identitetsproduksjonen nærmar seg det  frenetiske. På internett sleng brokkar av levd liv rundt i bloggar og på facebook. Sjølvpresentasjonane pressar seg på frå alle kantar. Nettskribentane presenterer seg i mikrobiografiar som morsomme, interessante, sjølvironiske, fule eller kule. Kanskje boka der eit liv blir falda ut langsamt over fleire hundre sider, der det pinlege, det grå og det vidunderlege får si tid, kanskje det er nett det vi treng i denne tida som har gått av skaftet.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert og merket med , . Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *