Kommentarer til: 70-årsgratulasjoner uten innlagt nobelprisanbefaling http://blogg.nrk.no/bok/2011/05/23/70-arsgratulasjoner-uten-innlagt-nobelprisanbefaling/ En blogg fra NRK Fri, 19 Aug 2016 07:04:56 +0000 hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Av: leif e http://blogg.nrk.no/bok/2011/05/23/70-arsgratulasjoner-uten-innlagt-nobelprisanbefaling/#comment-252 Tue, 24 May 2011 06:49:41 +0000 http://blogg.nrk.no/bok/?p=236#comment-252 Vel talt, Torvund – mannen er uansett i godt selskap.
leif e

]]>
Av: Helge Torvund http://blogg.nrk.no/bok/2011/05/23/70-arsgratulasjoner-uten-innlagt-nobelprisanbefaling/#comment-246 Mon, 23 May 2011 08:11:14 +0000 http://blogg.nrk.no/bok/?p=236#comment-246 Ja. Det er nok svært mykje i det du seier her. Ein kan ikkje gje Bob Dylan Nobelprisen i litteratur og samstundes halda fast på at prisen i dette tilfellet bare går til dikt som skal lesast frå papir eller skjerm. Skal ein gje prisen til Dylan må det vera fordi hans skriving, hans songlyrikk, hans tekstar som vert framført til musikk, er innimellom er ekstremt gode og har hatt uvanleg stor innverknad. Ein utvidar for all ettertid prisens kandidatar til òg å gjelde dei som skriv songtekstar. Og i den samanhengen er Dylan ein unik skribent. Men det finst andre prisar for dette. Som Dylanfan har eg nærast på refleks, tenkt: Ja! når nokon har foreslått han til Nobelprisen. Men ved nærare ettertanke, er det kanskje viktigare å halda fast på at denne eine viktige litteraturprisen går til ein forfattar eller poet som først og fremst skriv bøker? Uansett, det er alltid 10 uvurderleg gode som ikkje får prisen, for kvar den som får den. Tenk bare på Nordisk råds litteraturpris. Verken Olav H. Hauge, Rolf Jacobsen eller Stein Mehren har fått den. Namna på ikkjeprisvinnarar i Norden står i kø. Så det at Dylan ikkje får Nobelprisen burde eigentleg vera lett å bera for alle. Han er i det beste selskap. På sitt beste er han jo uansett like god, om ein bare tek seg tid til å lytte.

]]>